Cruden Bay

Koordinatar: 57°25′N 1°51′W / 57.417°N 1.850°W / 57.417; -1.850
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Cruden Bay

skotsk-gælisk Inbhir Chruidein
Harbour Street i Cruden Bay
Harbour Street i Cruden Bay
Harbour Street i Cruden Bay
Plassering
Cruden Bay is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region Aberdeenshire
Tradisjonelt grevskap Aberdeenshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

1 608
Koordinatar 57°25′N 1°51′W / 57.417°N 1.850°W / 57.417; -1.850
Diverse annan informasjon
Postnummer AB42
Telefon-retningsnummer 0 01779 81
Commons har multimedium som gjeld: Cruden Bay

Cruden Bay er ein landsby i regionen Aberdeenshire i Skottland. Han har kring 1500 innbyggjarar, og ligg på nordkysten av Bay of Cruden, 42 km nord for Aberdeen.

Like sør for Slains Castle var Cruden Bay var åstad for eit slag mellom danskar og skottar under kong Malcolm II i 1012. Namnet kjem opphavleg frå gælisk Croch Dain (slakt av danskar).[1]

I dag trekker Cruden Bay til seg turistar med hotell og golf bane. Staden har ei lang strandlinje som vart kjend då flygaren Tryggve Gran gjorde den første flyturen aleine over Nordsjøen.[2]

Cruden Bay er staden der Forties pipeline system går i land, som fører råolje 169 km gjennom Forties Unity-plattforma, til terminalen ved Cruden Bay. Derfrå blir råolja ført til prosessanlegget ved Kinneil i Grangemouth.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. A Brief History of Cruden Parish Church crudenchurch.org.uk
  2. Tryggve Gran, arkivert frå originalen 14. mars 2007, henta 3. november 2011