Crusader Kings II

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Crusader Kings II
Utviklar(ar)Paradox Interactive
Utgjevar(ar)Paradox Interactive
DistributørSteam, Humble Store
Design(ar)Henrik Fåhraeus, Chris King
SerieCrusader Kings
SpelmotorClausewitz Engine
Siste versjon2.8.3.3
Plattform(er)Linux, Microsoft Windows, macOS
Utgjeving2012
SjangerStrategi
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 12
MediumCD, digital distribusjon
Nettstadhttp://www.crusaderkings.com/
Del av serien Crusader Kings⠀
←Crusader Kings  · Crusader Kings III

Crusader Kings II (forkorta CKII) er eit strategispel utvikla og utgjeve av Paradox Interactive som ein oppfølgjar til Crusader Kings. Spelet blei utgjeve for Microsoft Windows 14. februar 2012 og fekk positive kritikkar. I Crusader Kings II styrer ein eit dynasti gjennom mellomalderen. Oppfølgjaren Crusader Kings III kjem ut ein gong i 2020.

Omfang[endre | endre wikiteksten]

Spelet kan skildrast som ein dynastisimulator der spelaren kontrollerer ein person i eit mellomalderdynasti frå 1066 til 1453. Utvidinga The Old Gods legg til startdatoen 867, Charlemagne legg til startdatoen 769 og Iron Century-oppdateringa legg til startdatoen 936. Gjennom strategisk bruk av mellom anna giftarmål, krigføring og snikmord freistar spelaren å oppnå suksess for dynastiet sitt.

Spelet inneheld fleire historiske personar som Harald Hårfagre, Harald Hardråde, Saladin, Alexios I Komnenos, Ivar den Beinlause, Wilhelm Erobraren, Harald Godwinson, Balduin IV av Jerusalem og Ragnar Lodbrok.

Spelet nyttar eit system der barn arvar eigenskapane, kulturen, religionen og evnene til foreldra eller oppsedaren. Derfor er det òg mogleg for spelaren å avle fram dei beste individuelle eigenskapane for å sikre kvaliteten på seinare avkom.

Det finst fem føydale nivå i spelet; der ein kan spele som fire av dei: Baron (ikkje mogleg å spele som), greve/jarl, hertug, konge eller keisar. I spelet finst det fleire typar styringsformer spelaren kan spele, som er føydalisme, horde, handelsrepublikk, imperie og iqta. Spelaren kan ikkje spele som republikk, teokrati eller ordinasjon.

Som i andre Paradox-spel dukkar det opp hendingar (såkalla «events») etter kvart som tida går i spelet, der spelaren kan gjere eit av fleire val som kan ha gode eller dårlige følgjer vidare i spelet.

Utvidingar[endre | endre wikiteksten]

Namn Utgjevingsdato Tilhøyrande oppdatering Skildring
Sword of Islam 26. juni 2012 1.06 Legg til moglegheita å spele som muslimske karakterar. Nye hendingar for sjia- og sunniretninga i islam er blitt lagde til.[1]
Legacy of Rome 16. oktober 2012 1.07 Spelaren kan delta i ein faksjon for å presse herren sin til å akseptere målet til faksjonen, som å bytte lovar eller å få ein tronpretendent på trona. Fleire hendingar og val har blitt lagde til for Austromarriket.[2]
Sunset Invasion 15. november 2012 1.08 Ei fantasy-utviding som tar for seg ein invasjon av det Aztekiske imperiet. Aztekarane kjem med sin egen religion og unike portrett.[3]
The Republic 15. januar 2013 1.09 Legg til handelsrepublikkar der spelaren må konkurrere med andre familiar for å bli doge og kan tene pengar ved å bygge handelspostar.[4]
The Old Gods 28. mai 2013 1.10 Fokuserer på vikingar og norrøn gudelære. Vikingar kan plyndre andre land for gull, heider og ære. Ein kan spele som ein person som følgjer parsismen. Tidsramma til spelet har blitt utvida med ein ny startsdato som plasser verda midt i vikingtida. I 876 kan ein spele som for eksempel Harald I av Noreg og Ivar den Beinlause.[5]
Sons of Abraham 18. november 2013 2.0 Utvidar dei tre abrahamiske religionane, kristendommen, islam og jødedommen. Korleis ein pave blir vald har blitt forandra. No blir paven vald av kardinalkollegiet, som består av fleire kardinalar. Ein kan no spele som ein person som følgjer jødedommen. Karakterane i spelet kan no dra på ei pilgrimsreise.[6]
Rajas of India 25. mars 2014 2.1 Fokuserer på India og på dei forskjellige indiske religonane. Hinduismen, djainismen og buddhismen har blitt lagt til som spelbare religionar. Kartet har blitt utvida slik at det går heilt til Bengal.[7]
Charlemagne 14. oktober 2014 2.2 Utvidar tidsramma til 769 og legg til moglegheita å spele som for eksempel Karl den store. Unike hendingar for Karl den store og broren hans Karloman, oppdaterte årstider.[8]
Way of Life 16. desember 2014 2.3 Legg til fokus der ein karakter for eksempel kan fokusere på teologi eller krig. Det har også blitt lagt til nye måtar å utføre diplomati.[9]
Horse Lords 14. juli 2015 2.4 Fokuserer på nomadekulturar. Spelaren kan no spele som hordar og kartet har blitt utvida til å inkludere Mongolia.[10]
Conclave 2. februar 2016 2.5 Har gjort råd mykje viktigare, store vasallar vil no krevje å vere ein del av rådet uansett om de er inkompetente eller ikkje. Viss dei ikkje får lov til å vere med i nemnda vil dei jobbe meir imot deg. Utdanningssystemet har blitt omarbeidd.[11]
The Reapers 25. august 2016 2.6 Svartedauden og andre sjukdommar har blitt lagt til. Sjukdommar kjem ikkje heile tida tilfeldig lenger, no kjem mange av sjukdommane i utbrot. Utbrot startar i ein tilfeldig provins og spreier seg. Dessa utbrota kan vere svært dødelege og den einaste måten å ikkje bli smitta på er å stenge seg inne i slottet sitt.[12]
Monks and Mystics 7. mars 2017 2.7 Legg til hemmelege sekter som både er hemmelege og opne. For eksempel satanistar, hermetisme, benediktinarordenen osv. Spelaren kan også lage si eiga hemmelege religiøse sekt, slik at ein for eksempel kan prøve å gjere det tysk-romerske riket til ein tengri-stat.[13]
Jade Dragon 16. november 2017 2.8 Fokuserer på Kina og legg til Tibet som ein spelbar region. Nasjonar som er nær Kina kan no kommunisere med landet. Kina invaderer av og til naboland for å få dei til å betale Tributt.[14]
Holy Fury 13. november 2018 3.0 Fokuserer på religion og religiøse konfliktar. Spelaren kan no velje korleis paganistiske religionar skal bli når religionen blir reformert. Krosstog har blitt omarbeidd og kristne kan bli gjorde til ein helgen av paven. Ein spelar kan no lage ei blodlinje med ein karakter med mykje prestisje. Forskjellige blodlinjer har forskjellige effektar. Det finst òg forskjellige historiske blodlinjer, for eksempel Ragnar Lodbrok, Wilhelm den 1. av England og Harald Hårfagre.[15]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Ein demo blei utgjeven 4. februar 2012 med moglegheiter for å spele som fire ulike karakterar gjennom 20 år.[16] Spelet fekk jamt over god mottaking med 82 av 100 poeng på Metacritic.[17] Gamer.no og GameSpot gav spelet 8/10 poeng.[18][19] Også IGN gav spelet 8/10.[20]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Crusader Kings II: Sword of Islam | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 11. februar 2020 [daud lenkje]
  2. «Crusader Kings II: Legacy of Rome | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 11. februar 2020 [daud lenkje]
  3. «Crusader Kings II: Sunset Invasion | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 11. februar 2020 [daud lenkje]
  4. «Crusader Kings II: The Republic | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 11. februar 2020 [daud lenkje]
  5. «Crusader Kings II: The Old Gods | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 11. februar 2020 [daud lenkje]
  6. «Crusader Kings II: Sons of Abraham | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 11. februar 2020 [daud lenkje]
  7. «Crusader Kings II: Rajas of India | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 11. februar 2020 [daud lenkje]
  8. «Crusader Kings II: Charlemagne | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 11. februar 2020 [daud lenkje]
  9. «Crusader Kings II: Way of Life | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 11. februar 2020 [daud lenkje]
  10. «Crusader Kings II: Horse Lords | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 11. februar 2020 [daud lenkje]
  11. «Crusader Kings II: Conclave | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 11. februar 2020 [daud lenkje]
  12. «Crusader Kings II: The Reaper's Due | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 11. februar 2020 [daud lenkje]
  13. «Crusader Kings II: Monks and Mystics | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 11. februar 2020 [daud lenkje]
  14. «Crusader Kings II: Jade Dragon | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 11. februar 2020 [daud lenkje]
  15. «Crusader Kings II: Holy Fury | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 11. februar 2020 [daud lenkje]
  16. http://www.fileplanet.com/224596/download/Crusader-Kings-II-Demo
  17. Crusader Kings II.
  18. «ANMELDELSE: Crusader Kings II», Gamer.no (på norsk), 18. februar 2012, henta 11. februar 2020 
  19. «Crusader Kings II Review», GameSpot (på engelsk), henta 11. februar 2020 
  20. Crusader Kings II Review - IGN (på engelsk), henta 11. februar 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]