Csesznek

Koordinatar: 47°21′N 17°52′E / 47.350°N 17.867°E / 47.350; 17.867
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

47°21′N 17°52′E / 47.350°N 17.867°E / 47.350; 17.867

Csesznek
by
Land  Ungarn
Areal 24,20 km²
Folketal 458 (1. januar 2023)
Kart
Csesznek
47°21′19″N 17°52′53″E / 47.355369444444°N 17.88145°E / 47.355369444444; 17.88145
Wikimedia Commons: Csesznek

Csesznek (tysk Zeßnegg, kroatisk Česneg og slovakisk Česnek) er ein landsby i Veszprém fylke i Ungarn som er kjend for mellomalderborga si. Staden hadde 570 innbyggjarar i 2004.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Borga i Csesznek vart bygd i 1263 av baron Jakab Cseszneky, som var sverddragar for kong Bela IV. Han og etterkomarane hans vart kalla opp etter borga Cseszneky. Mellom 1326 og 1392 vart det ei kongeleg borg då Kong Sigismund gav ho til Garai-familien i byte for Macsó Banate. I 1482 døydde blodslina i Garai-familien ut og Kong Matthias Corvinus donerte borga til Szapolyai-familien. I 1527 tok baron (seinare greve) Bálint Török over borga og på 1500-talet var òg familiane Csábi, Szelestey og Wathay i tur og orden eigarar. I 1561 slo Lőrinc Wathay med hell tilbake ei omleiring av osmanarane. I 1594 vart derimot borga okkupert av tyrkiske troppar, men alt i 1598 klarte ungararane å ta ho tilbake. I 1635 kjøpte Dániel Esterházy borga og landsbyen og frå den tid og fram til 1945 var Csesznek familien Esterházy sin eigedom.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Csesznek