Cuauhtémoc Blanco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cuauhtémoc Blanco
Blanco Veracruz.jpg
Personleg informasjon
Namn Cuauhtémoc Blanco Bravo
Fødselsdato 17. januar 1973
Fødestad Mexico by i Mexico
Høgd 175 cm
Posisjon Midtbane, spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Veracruz
Draktnummer 10
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1992-2007
1997-98
2000-02
2004
2007-09
2008
2010-
Mexico Club América
Mexico Necaxa (lån)
Spania Real Valladolid
Mexico Veracruz (lån)
USA Chicago Fire
Mexico Santos Laguna (lån)
Mexico Veracruz
333 (125)
28 (13)
23 (3)
15 (5)
62 (16)
4 (1)
14 (5)
Landslag**
1995- Mexico Mexico 111 (38)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 7. april 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 7. april 2010.

Cuauhtémoc Blanco Bravo (fødd 17. januar 1973 i Mexico by) er ein mexicansk fotballspelar som spelar for Veracruz i den mexicanske fotballigaen, og for det mexicanske landslaget.

Blanco har blitt kåra til beste spelar i den mexicanske toppdivisjonen fem gonger. Han er den spelaren som har skåra nest flest mål for Mexico sitt landslag gjennom tidene. Han har spelt det meste av karrieren sin i klubbar i Mexico, og var tilknytta Club América i 15 år, frå 1992 til 2007. To av desse åra, frå 2000 til 2002, var han lånt ut til Real Valladolid i Spania. Han har òg spelt to år, 2007 til 2009, for Chicago Fire i den amerikanske proffligaen Major League Soccer.

Blanco har delteke i to fotball-VM for Mexico, i 1998 og 2002, og skåra i begge to, men han vart ikkje teke ut til Mexico sin tropp til fotball-VM i 2006. 13. september 2008 fekk han sin landskamp nummer 100 for Mexico. Han spelte i fleire av Mexico sine kvalifiseringskampar til VM i 2010.