Cuilcagh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cuilcagh
Utsyn frå Cuilcagh
Utsyn frå Cuilcagh
Høgd over havet 665 moh
Ligg i/på Fermanagh i Nord-Irland og Cavan i Republikken Irland
Fjellkjede Wicklowfjella
Primærfaktor 606 m
Koordinatar 54°12′0″N 7°48′40″WKoordinatar: 54°12′0″N 7°48′40″W

Cuilcagh er det høgaste fjellet i Breifne-området og det 165. høgaste punktet på Irland[1]. Toppen ligg på grensa mellom grevskapa Fermanagh (i Nord-Irland) og Cavan (i Republikken Irland), og er det høgaste punktet i begge grevskapa. Vatnet frå sørsida av fjellet forsvinn under jorda og dukkar opp nokre kilometer borte i Shannon Pot, som vert rekna som kjelda til elva Shannon.

Cuilcagh fjellpark har nyleg vorte slått saman med dei populære turistattraksjonane Marble Arch-grottene og Cladagh Glen naturreservat til Marble Arch Caves and Cuilcagh Mountain European Geopark.

Internasjonal status[endre | endre wikiteksten]

Cuilcagh og området rundt har trekt til seg internasjonal interesse og både Marble Arch-grottene og Cuilcagh fjellpark har fått status som UNESCO Global Geopark sidan 2004 og har vorte ien av 25 av denne typen stader rundt om i verda som er finansiert av EU.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Cuilcagh. Vitja 19. mai 2007.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]