Cultural studies

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Cultural studies (CS) er ein forskingstradisjon innan medievitskap, som oppstod ved Centre for Contemporary Cultural Studies i Birmingham på 1950-talet, men fekk sitt verkelege gjennombrot først på 70-talet. Det er ikkje ein akademisk/vitskapeleg skule, og har ikkje eit klart avgrensa emne/studieobjekt eller ein klart definert metodologi. Tradisjonen er opptatt av å studere kultur som meiningssystem og knyter ofte dette opp til makt og politikk. Tradisjonane brukar ofte kvalitative forskingsmetodar.

Teorigrunnlag[endre | endre wikiteksten]

Det teoretiske grunnlaget til CS er komplisert og abstrakt, men det har sine røter i humaniora og samfunnsvitskapar. Tradisjonen er sagt å vere bevisst eklektisk teoretisk, noko som vil seie at den gjerne kombinerer ulike teoriar, men samstundes er pragmatisk og strategisk når det gjeld metode. Blant teoriane som står sterkt i tradisjonen, er semiotikk (teiknlære), diskursanalyse, sosiologisk teori (marxisme) og psykoanalyse.

Tradisjonen bygde vidare på spørsmål knytt til det klassedelte samfunnet, og var tydeleg inspirert av Frankfurterskulen sine idear om korleis den kommersielle massekulturen kan føre til falsk massebevisstheit og mindre klassebevisstheit. Dei var og opptatt av maktforholda i samfunnet, og kampen om ideologisk makt.

CS-forskarane var opptatt av å studera samtidskultur og kvardagskultur. Dei utvida kulturomgrepet til å ikkje berre gjelde kulturelle produkt og deira verdiar, men og korleis desse produkta vart tekne i bruk i folks daglegliv. Såleis kan ein seie at dei studerte kultur som sosial praksis.

Utviklinga av Cultural Studies[endre | endre wikiteksten]

CS-tradisjonen er ein levande tradisjon som har forandra seg over tid. Den har heile tida fornya seg som ein reaksjon på visse forhold i samfunnet (sosiale, politiske osv), men har heile tida konsentrert seg om dei subjektive opplevingane til folk.

Då tradisjonen oppstod på 50-talet var det inspirert av ei ny politisk venstreside. Samtidig var det eit forsøk på å forstå den moderniseringa som skjedde etter andre verdskrig, og spreiinga av den amerikanske massekulturen.

På 60-talet var ein opptatt av subkulturar og opposisjonelle kulturar. Semiotikken voks fram som teorigrunnlag samtidig som marxistisk teori fekk større innverknad.

På 70-talet voks det fram ei feministisk bølgje, og sentralt stod teorien om at kjønn er eit produkt av samfunn og kultur. Dei forsøkte å studera kultur som livsformer, og det var ei gjennoppdaging av ideologi. Ein var opptatt av ideologisk dominans og korleis folk kunne motstå den dominerande ideologien gjennom sine kulturelle uttrykksformer. Dette gjorde at dei og viste interesse for hegemoniomgrepet. Det var i dette tiåret at Stuart Hall kom med sin kjente encoding-decoding-modell, som er viktig for CS tradisjonen.

I den seinare tid har tradisjonen via merksemd til den aukande globaliseringa og kommersialiseringa. Ein har sett fokus på korleis alle delar av kvardagslivet blir gjort til varer, og korleis vi lever i ei tid med overflod av teikn, som stadig blir resirkulert.

Stuart Halls encoding-decoding-modell[endre | endre wikiteksten]

Encoding-decoding-modellen er ein teori som tar for seg korleis meining blir til. Teorien er sagt å vere eit semiotisk alternativ til den meir lineære kommunikasjonsmodellen (sendar-bodskap-mottakar), og fekk stor innverknad på medieforskinga då den vart lansert i 1973. Med modellen forsøker Hall å teoretisere den rolla ideologien spelar under visse sosiale og økonomiske tilhøve. Medan ein i tidlegare forskingstradisjonar var opptatt av kva ideologi som var innebygd i medietekstar, var dette eit forsøk på å finne ut korleis ideologi blir lesen av publikum.

Eit viktig omgrep i modellen er diskurs, som Hall brukar om alle former for interaksjon (formell og uformell), og alle skrivne tekstar i alle former. Han ser på kommunikasjon som utveksling av meining, der publikum les ein viss tekst og gir han meining. Meiningsproduksjon blir gjort mogleg av kodar og subkodar for å tolke bodskapar. Kodane mottakaren brukar samsvarer ikkje nødvendigvis med dei sendaren la til grunn, og ein kan derfor kome i situasjon der mottakaren tolkar teksten til å ha ein anna bodskap enn den sendaren ville formidle. Ifølgje Hall legg tekstar opp til ei dominerande lesing, men mottakaren kan lese teksten på fleire måtar. Dominerande lesing vil seie at mottakaren tolkar teksten slik det var meint frå sendarstandpunkt. Dersom mottakaren delvis tolkar det slik sendaren har meint, kan vi snakke om ei forhandla lesing, medan bodskapen i ei opposisjonell lesing blir tolka annleis enn intensjonen frå sendaren var. Teikn og tekstar er, ifølgje Hall, alltid polysemiske (fleirtydige). På tross av dette kan ein ikkje tolke dei slik ein vil, for sjølv om dei er mangetydige legg dei premissar og skaper rammer for meiningsskapinga hos publikum.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

CS-tradisjonen har fått ein del kritikk frå forskjellige hald. Den har blitt skulda for å gi banale resultat og for å vere best på det deskriptive planet. Sidan den i stor grad baserer seg på kvalitativ metode har den og fått kritikk for å ha eit generaliseringsproblem. Nokre har og kommentert at det kvalitative intervjuet er subjektivt og framkallar ønskte svar frå informantane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ingunn Hagen - Medias Publikum: frå mottakar til brukar? - Gyldendal Norsk Forlag - 2000
  • Petter Larsen & Liv Hausken - Medievitenskap Bind 3: Medier og brukarar -Fagbokforlaget 1999
  • Stuart Hall - «Encoding and Decoding in Television Discourse» - Huchinson 1980