Culver Down

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Culver Down
Culver Down - Culver Down sett frå Sandown Bay, 2003.
Culver Down sett frå Sandown Bay, 2003.
Høgd over havet 104 moh
Ligg i/på Isle of Wight i England

Culver Down er nokre graskledde bakkar av kritt nord for SandownIsle of Wight i England. Ein trur at namnet kjem frå Culfre, det gammalengelske namnet for «due». Området er ein viktig hekkestad for sjøfugl. Nordsida av bakkane vert nytta som beitemark for kyr. Delar av området vert nytta skytefelt, men dei offentlege områda er eigd av National Trust. Frå bakkane har ein utsikt over Den engelske kanalen.

I mange år var heile området ein militærsone og stengd for ålmenta. Det er fleire historiske militære anlegg her, fleire private hus, ein pub og eit monument.

Monumentet er eit minnesmerke til Charles Anderson-Pelham, den andre baronen av Yarborough (seinare første jarlen av Yarborough og Baron Worsley), som grunnla Royal Yacht Squadron ved Cowes. Det vart først reist i 1849 på det høgaste punktet på Bembridge Down, litt lenger vest, men så flytta hit i 1860-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 50°39′0″N 1°6′31″W