Cumbe Mayo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Akvedukten i Cumbemayo. Foto: J. Stander

Cumbe Mayo eller Cumbemayo ligg ca 2 mil sørvest for byen Cajamarca i Peru, 3600 moh.

Staden er mest kjent for ruinane etter ein prekolombiansk akvedukt som strekker seg ca 8 km i lengd. Akvedukten samlar vatn frå Amazonas-sida av Andes og fører vatnet over på Stillehavssida. Ein reknar at konstruksjonen vart gjort ca 1500 år f.kr. og kan vere den eldste menneskeskapte konstruksjon i Sør-Amerika.

Namnet Cumbe Mayo kan komme av ein frase på quechua, kunpi mayu, som tydar bra utførd kanal for vatn eller hunpi mayo som tydar tynn elv. Det finst ei rekke med helleristningar i sjølve akvedukten og i fjellhola i området.

Denne fjellregionen er også kjent for ein steinformasjon i naturlege vulkansteinar som er skapt av erosjon. Formasjonane vert kalla Los Frailones, steinmunkene.