Cumulonimbus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cumulonimbus
Cumulonimbus incus med ambolt
Cumulonimbus incus med ambolt
Høgd 500-4000 m
Utsjånad Høge, opptårna cumulus. Amboltforma skytopp på incus-stadiet.
Nedbørsky? Ja
Forkorting Cb

Cumulonimbus eller byesky (forkorta CB-sky eller Cb) er ein særskild type sky som kan bli svært høg, og medføre både torevêr og anna dårleg vêr. Skyene kan oppstå kvar for seg, i grupper eller langs kaldfrontar i byelinjer. Cumulonimbus oppstår frå cumulusskyer eller altocumulus castellanus, og kan dannast over heile verda utanom dei kaldaste stroka rundt polane.

Cumulonimbus treng tre faktorar for å oppstå.

  1. Mykje fukt.
  2. Varm, ustabil luft.
  3. Ei energikjelde til å løfte den varme, fuktige lufta raskt oppover.
Cumulonimbus calvus

Skyene kan oppstå i samband med frontlinjer, på varme sommardagar med fuktig luft, eller over fjell der lufta blir pressa oppover.

Når varm luft stig blir ho avkjølt, og vassdampen kondenserer til små vassdropar. Denne kondensasjonen varmar opp den omliggande lufta ved å frigje latent varme, og dermed kan lufta fortsette å stige. Når lufta stig høgt nok blir vassdropane avkjølt og kan danne iskrystallar. Tyngdekrafta som verkar på vassdropane og iskrystallane motverkar dei stigande luftrørslene. Dette kan medføre nedvindar inne i skya. Instabilitet mellom oppdrifta og nedvindane gjer at statisk elektrisitet byggjer seg opp inne i cumulonimbusskya. Utlading av denne elektrisiteten fører til torevêr og lyn.

Om våren og sommaren oppstår cumulonimbusskyer vanlegvis om ettermiddagen pga av oppvarming av jordoverflata. Dei kan derimot også oppstå i samband med kaldfrontar der varm luft blir pressa oppover av tyngre og kaldare luftmassar som kiler seg inn under varmlufta. Dette kan skje kortid som helst på året.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Skybasen på ei cumulonimbussky kan vere fleire kilometer på tvers, og kan starte i både midlare og lågare høgder. Dei blir danna rundt 2-4000 m, medan skytoppen i dei mest ekstreme tilfella kan nå så høgt som 23 000 m i tropane. Vanlegvis er skytoppen derimot mykje lågare.

Cumulonimbus calvus[endre | endre wikiteksten]

Det finst to former for cumulonimbus, cumulonimbus calvus og cumulonimbus incus. Ei cumulonimbus calvus sky er ei sky i mellomstadiet mellom ei cumulus congestus og ei cumulonimbus incus, og oppstår når kraftige vertikale rørsler pressar skya opp i dei høgaste nivåa av troposfæren. Desse nivåa av troposfæren er svært kalde, så kondensasjon her vil danne iskrystallar og ikkje vassdropar. Dette gir den klåre, kvite fargen i toppen av desse skyene. Farten på dei vertikale luftstraumane i ei cumulonimbussky kan bli så høg som 40-50 km/t. Ved så høg fart kan det oppstå eit rart fenomen. Den kraftige oppdrifta kan ta tak i ein luftmasse og kaste han oppover, og det kan oppstå ei kappeliknande sky kalla pileus over sjølve cumulonimbusskya. Calvusskya vil fortsette å vekse og etter kvart ta igjen pileusskya. Dette kan vere ein nyttig observasjon med tanke på å forutsjå torevêr, fordi ei calvussky med pileus er eit klart teikn på at skya kjem til å utvikle seg til ei fullt utvikla cumulonimbus incus sky.

Calvusskyer gjev alltid ein eller anna form for nedbør, moderate eller kraftige regnbyer i tempererte område og snøbyer i kaldare område. Visst lufta er tørr under skya kan nedbøren fordampe før han når bakken. Desse skyene kan gje kraftig turbulens, men nedbøren i samband med skyene er som regel synleg på radar slik at fly kan fyke utanom skyene.

Cumulonimbus incus[endre | endre wikiteksten]

Ei velutvikla cumulonimbis incus er karakterisert ved ein flat, amboltforma, topp (incus er latinsk for ambolt). Dette kjem av at den vertikale luftstraumen blir stogga av det stabile laget i stratosfæren. Lufta nedanfor held derimot fram med å presse seg oppover, og spreier skya til alle kantar under tropopausen. I tillegg kan høgdevindar dra denne delen av skya utover, ofte i eit stripeaktig mønster. Det amboltforma området kan strekke seg mange kilometer bort frå hovuddelen av skya, og er eit klart teikn på torevêr. Amboltskya viser òg kor høg troposfæren er i området. Av og til er den vertikale luftstraumen så kraftig at skya trenger eit stykke opp i stratosfæren. Dette vert kalla «overskytande topp». Dette er eit teikn på ei svært kraftig CB-sky som kan gi hagl, kraftige vindkast og i somme tilfelle tornadoar.

Cumulonimbus capillatus incus

Verknader[endre | endre wikiteksten]

Cumulonimbus

Ei både cumulonimbus calvus og incus kan produsere kraftige regnbyger med påfølgjande flaumfare (eller snø visst det er kaldt nok), i tillegg til kraftig vind. I tørre område kan nedbøren fordampe før han når overflata, eit fenomen kjent som virga. Ei slik enkel regnbye varer sjeldan lenger enn 20 minutt, fordi den fallande nedbøren fører til nedvindar i skya som motverkar den stigande luftrørsla, og dermed kuttar energitilføringa til skya. Visst det er nok solenergi i atmosfæren (til dømes på ein varm sommardag), kan fukta frå ei sky raskt fordampe og danne nye skyceller like i nærleiken av der den første oppstod. Dette kan medføre torevêr som varer i fleire timar.

Mammatus

Nedbør kan føre til søkkande luftrørsler i amboltskya, og av og til kan dette føre til mammatusskyer, som kanskje er den mest spektakulære skyformasjonen som kan oppstå.

Cumulonimbusskyer inneheld svært kraftige vertikale luftstraumar, som både kan gå oppover og nedover. Dette kan derfor vere svært farleg for fly. Mindre propellfly kan ikkje takle slike forhold og må fly rundt desse skyene, medan store jetfly kan fly over mindre skyer og rundt større skyer. Større fly har også vêrradar og detektorar for vindskjer som kan hjelpe dei å navigere rundt desse skyene i samband med landing.

Konveksjon kan også føre til meir organiserte grupper av cumulonimbusskyer, såkalla mesosyklonar, som kan føre til hagl og tornadoar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]