Curriculum vitae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit curriculum vitae (eller curriculum vitæ), oftast forkorta til CV, er eit samandrag av skolegang, studium og yrkeskarriere og kva ein har oppnådd til no i livet. Det er vanleg å leggje ved ein CV når ein søkjer ein jobb, for slik å vise kva for kvalifikasjonar og relevant arbeidsrøynsle ein har.

Eksempel på ein CV

Curriculum vitae er latinsk for «livsløp».

Nokre vel å starte med dei nyaste hendingane, andre vel å skrive kronologisk med det eldste først. I Noreg er praksisen med å ta det eldste først truleg mest vanleg. I USA byrjar ein gjerne med dei nyaste hendingane om ein søkjer ikkje-akademiske stillingar, medan søknader på akademiske stillingar vert vedlagd ein CV med dei eldste hendingane oppførte først.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Det er ei rad CV-tips på verdsveven. Her er nokre: