Curt Weibull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Curt Weibull

Statsborgarskap Sverige
Fødd 19. august 1886
Lund i Skåne
Død

10. november 1991 (105 år)
Göteborg

Yrke historikar
Medlem av Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien, Kungliga Humanistiska Vetenskapssamfundet i Lund, Society of Sciences in Lund, Kungliga Vetenskaps- och Vitterhetssamhället i Göteborg, Kungliga Samfundet för utgivande av handskrifter rörande Skandinaviens historia
Far Martin Weibull
Ektefelle Mary Weibull
Curt Weibull på Commons

Curt Hugo Johannes Weibull, (19. august 188610. november 1991) var ein svensk historikar, pedagog og forfattar. Lauritz Weibull var ein eldre bror. Begge hevda sterkt at historieskrivinga måtte einast baserast på fakta og kjensgjerningar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Weibull vart fødd i Lund i Skåne, der faren var professor i historie. Han gjekk sjølv på Lunds universitet. Frå 1927 til 1953 var han professor i historie ved Göteborgs högskola, og frå 1936-1946 rektor for same. I 1928 grunnla han og broren Lauritz tidsskriftet Scandia. Dei er kjende for å ha innført kjeldekritisk teori i svensk historisk forsking, inspirert av den tyske historikaren Leopold von Ranke. Weibull var ein viktig mentor for historikaren Erik Lönnroth, som vidareutvikla den kjeldekritiske metoden.

Hans viktigaste og mest påskjøna arbeid er ein kritikk av den ahistoriske tolkinga av Gesta Danorum, eit verk frå på 1100-talet av den danske historikaren Saxo Grammaticus. Denne avhandlinga, kalla Saxo. Kritiska undersökningar i Danmarks historia från Sven Estridsens død till Knut VI, var ganske kontroversielt då den kom ut, ettersom den avslørte eit vagt grunnlag for Danmarks eldre historie.

Hans siste arbeid vart publisert då han var 105 år gammal, ein artikkel i ei bok til feiringa av 100-årsjubileet for Göteborgs Universitet.

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

  • Sverige och dess nordiska grannmakter under den tidigare medeltiden. 1921
  • Lübeck och Skånemarknaden. Studier i Lübecks pundtullsböcker och pundtullskvitton 1368-1369 och 1398-1400. 1922
  • Drottning Christina. Studier och forskningar. 1931
  • Göteborgs Högskola: Dess förhistoria och uppkomst. 1941
  • Händelser och utvecklingslinjer. Historiska studier. 1949
  • Göta älvs mynning. Land och Stader fram i äldre medeltid. 1950
  • Tionden i Skåne under senare delen av 1600-talet. 1952
  • Die Auswanderung der Goten aus Schweden. 1958
  • Källkritik och historia: Norden under äldre medeltiden. 1964
  • Die Geaten des Beowulfepos und Die dänischen Trelleburgen: zwei Diskussionsbeiträge. 1974