Cuyahoga-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cuyahoga-elva i Cleveland.

Cuyahoga er ei elv i det nordaustlege Ohio i USA. Ho har eit løp på 160 km som tek til i Geauga County, renn sørover til Cuyahogafossen og deretter svinger brått mot nord før ho renn gjennom Cleveland og ut i Eriesjøen.Ho er ei av dei veldig få elvane i verda som med eitt har stått i lys lue.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Elva blei til for omtrent 13.000 år sidan då dei siste isbreane i Nord-Amerika slipte seg ned til sjøen. Elva var viktig for indianarane som flytte dit i det 2. hundreåret f.Kr. Dei gav elva namnet "Cuyahoga", som tyder 'skeiv elv' i språket deira, og brukte henne til fiske og transport.

Elva er framleis ei viktig transportåre, som ein kan sjå av desse fortøyde båtane i Cleveland.

I det 17. hundreåret kom dei første europearane til nordaustre Ohio. Dei fleste av dei var pelshandlarar og drog dit for å jakta på dei mange pelsdyra som fanst der. Med pelshandel kom også økonomisk utvikling. Ohio-kanalen var graven ut i 1825 og Pennsylvania- og Ohio-kanalen i 1832 for å gjera det lettare å transportera varer. Mange fabrikkar blei bygde, og området blei rikt og urbanisert.

Utvikling og ureining[endre | endre wikiteksten]

Med rikdom kom ureining. Folk hadde ikkje omsut for miljøet i dei dagane, og dei fleste fabrikkane lét kloakkvatnet renna rett ut i elva. Problemet blei verre etter at John D. Rockefeller starta eit oljeselskap i Cleveland. Det var snart så mykje olje, bensin, måling, og metall dumpa i elva at ho «rann med alle fargane i regnbogen

I det 19. hundreåret blei området eit stort senter for bil- og stålindustri. Elva var no daud, og hadde inkje oksygen. Ingenting kunne leva i henne, og det var så mykje olje i elva at ho var blitt brannfarleg. Den første gongen ho tok fyr var i 1936, då ein gneist frå ein blåselampe kveikte noko søppel som dreiv på elva. Dei neste tretti åra var det mange fleire brannar.

Den 22. juni 1969 kl. 11.56 tok eit oljeflak på elva fyr, noko sørom Cleveland. Dette var ikkje den største brannen på elva, men det vekte USA si merksemd. Bladet Time publiserte ein artikkel om brannen og elva sin tilstand. "Elva renn ikkje", sa artikkelen, "ho sig," og "ein som fell i elva druknar ikkje, han rotnar."

Elva fossar ned i Cuyahogafossane ved Edison-demninga.

Reinsking[endre | endre wikiteksten]

For miljøaktivistar og politikarar som brydde seg om miljøet blei elva eit symbol på skjemminga av miljøet i USA. Miljøvernbyrået blei grunnlagt det neste året, og etter tre år, i 1972, blei "Rein luft-lova" fastsett. Dei to lovene er endå grunnreglane som miljøvernet i USA er bygt på.

Elva har blitt mykje betre dei siste tretti åra, og er no ei av 14 "arvelut-elvar" i USA.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]