Cyanobakterie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cyanobakterie


Systematikk
Domene: Prokarya
Rekkje: Cyanobacteria
Vitskapleg namn
Cyanobacteria

Cyanobakteriar (frå gresk κυανός (kyanós) = «blå») er ei stor gruppe fotosyntetiserande bakteriar. Dei vart tidlegare ofte kalla blågrøne algar, men sidan alge-omgrepet no vert brukt mest om fotosyntetiske eukaryotar har ein i stor grad gått vekk frå dette namnet.

Cyanobakteriar er talrike i dei fleste økosystem med tilgang på lys, men trivst dårleg i sure habitat. Hovudårsaka til den evolusjonære suksessen deira er det effektive næringsopptaket deira - sidan organismane er så små som dei er (vanlegvis ikkje meir enn 0,002 mm) har dei stor overflate i høve til volumet.

Former[endre | endre wikiteksten]

Cyanobakteriar er anten eincella eller dannar trådforma koloniar. Kva farge dei har er avhengig av kva for lysabsorberande pigment det er mest av i dei, og kan variera frå raudt til blågrønt. Ingen av artane har flagellar, men dei er likevel i stand til ei viss form for rørsle.

Somme koloniale artar har utvikla ein relativt høg grad av cellespesialisering. Dette inneber at ulike einskildceller fyllar ulike funksjonar. Dei fleste cellene er vegetative og driv fotosyntese, men somme (såkalla heterocystar) fikserer nitrogen til ammonium (NH4). Det vert ofte òg danna kvilesporar (akinetar), store og robuste celler som veks attmed heterocystane og fungerer som «overvintringsorgan» for kolonien.

Cyanobakteriane er gram-negative bakteriar, men har likevel ofte eit relativt tjukt lag peptidoglykan i celleveggen.

Biokjemi[endre | endre wikiteksten]

Fotosyntesen til bakteriane nyttar klorofyll a og brukar vatn (nokre artar kan òg nytta hydrogensulfid) til å fiksera karbon frå CO2. Denne prosessen frigjer oksygen, som vert sleppt ut i atmosfæren. I motsetnad til i eukaryotar har dei ikkje kloroplastar i cellene sine, fotosyntesen skjer i staden i såkalla thyllakoidar.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

ender sym i eit vatn med valdsam algebløming.

Det er grunn til å tru at cyanobakteriane var dei første fotosyntetiserande organismane på jorda. Dei eldste spora av liv me kjenner til er 3,5 milliardar år gamle stromatolittar av eit slag somme cyanobakteriar òg produserer i dag. Geologisk forsking viser at det var om lag på denne tida det tok til å samla seg opp fri oksygen i atmosfæra til jorda, noko som tyder på at cyanobakteriane har spelt ei særs viktig rolle i den kjemiske så vel som den biologiske samansetnaden til planeten.

Dei fleste forskarar trur dessutan at kloroplastane som finst i plante- og algeceller stammar frå frittlevande cyanobakteriar. Mellom anna har dei doble cellemembranar og eige DNA, noko ein tolkar som teikn på at dei er symbiotiske bakteriar. Dei lysabsorberande klorofyllpigmenta i plantane liknar dessutan kjemisk sett meir på cyanobakteriane sitt klorofyll enn på pigmenta til andre fotosyntetiserande bakteriar. Dersom denne teorien er riktig, tyder det at cyanobakteriane er dei desidert viktigaste primærprodusentane på kloten.

Cyanobakteriar kan òg fiksera nitrogen for plantar; mellom anna ertefamilien har rotnodular med bakteriekoloniar. Somme artar lav lever òg i lag med cyanobakteriar.

Trass i dette kan cyanobakteriar òg vera skadelege for eit økosystem. Mange artar kan produsera særs effektive giftstoff som kan vera dødelege for menneske så vel som for andre dyr. Når cyanobakteriebestandar vert tilført uvanleg store mengder næring kan dei formeira seg eksepsjonelt og føra til valdsame algeoppblømingar som kan ha fryktelege konsekvensar for den økologiske balansen i eit område.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ennos, Roland & Sheffield, Elizabeth: Plant Life Blackwell Science, 2000
  • Hogg, Stuart: Essential Microbiology John Wiley & Sons Ltd. 2005
  • Singleton, Paul: Dictionary of microbiology and molecular biology John Wiley & Sons Ltd. 1978