Dåfjorden på Stord

Koordinatar: 59°48′28.393″N 5°20′56.288″E / 59.80788694°N 5.34896889°E / 59.80788694; 5.34896889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°48′28.393″N 5°20′56.288″E / 59.80788694°N 5.34896889°E / 59.80788694; 5.34896889 Dåfjorden er ein fjord på øya Stord på grensa mellom kommunane Stord og Fitjar. Fjorden er delt i to, ein del går rett sørover og ein del rett nordover, og frå nord til sør er fjorden om lag 6 km lang.

Innløpet er derimot frå vest og midt i innløpet ligg to øyar, Straumholmen ytst og Litle Sjøbuholmen innanfor. Innløpet til fjorden er derfor gjennom to smale sund med ei breidd på om lag 15 meter. Fjorden har derfor brakkvatn og kan stundom fryse til om vinteren. Den nordlege delen av fjorden ligg langs grensa mellom Fitjar og Stord, medan delen sør for innløpet ligg i Stord. Den sørlege delen av fjorden strekker seg òg sørover på austsida av Stord lufthamn, Sørstokken. Midt i fjorden går det veg og bru over Litle Sjøholmen langs fylkesveg 72.