Déjà Vu av Crosby, Stills, Nash & Young
| Déjà Vu Studioalbum av Crosby, Stills, Nash & Young |
||
| Utgjeve | 11. mars 1970 | |
| Innspelt | juli - desember, 1969 i Wally Heider's Studio C, San Francisco og Wally Heider's Studio III, Los Angeles | |
| Sjanger | Rock, folkrock | |
| Lengd | 36:24 | |
| Selskap | Atlantic Records | |
| Produsent | Crosby, Stills, Nash & Young | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
|
||
| Crosby, Stills, Nash & Young-kronologi | ||
| Crosby, Stills & Nash (1969) |
Déjà Vu | Four Way Street (1971) |
Déjà Vu er det første albumet av Crosby, Stills, Nash & Young og det andre av Crosby, Stills og Nash. Det kom ut i 1970 på Atlantic Records og toppa den amerikanske albumlista i ei veke. Albumet gav òg tre Topp 40-singlar: «Teach Your Children», «Our House» og «Woodstock».
Innhaldsliste |
Histoie [endre]
Déjà Vu var eit etterlengta album etter suksessen til det første CSN-albumet og etter at Young var komen inn i gruppa. Stills estimerer at det tok dei 800 timar i studio å spele inn albumet. Dette talet kan vere noko overdriven, men kvart spor har fleire omhyggelege detaljar.[1] Alle songane, bortsett frå «Woodstock», vart spelte inn som individuelle innspelingar av kvart medlem og dei andre medlemmene bidrog der dei vart samde om det. Young er ikkje med på alle spora, og trommeslagar Dallas Taylor og bassist Greg Reeves er tilskriven på coveret med namn i mindre bokstavar.Jerry Garcia speler pedalsteel på «Teach Your Children» og John Sebastian speler munnspel på tittelsporet.
I mai 1970, to månader etter albumet kom ut, spelte bandet inn Neil Young sitt raske svar til Kent State-massakren, «Ohio». Denne singelen kom ut i lag med Stephen Still sin «Find the Cost of Freedom» og vart gjeven ut i juni same året. Singelen nådde 14. plass på singellista.
Albumet vart særs populært og medverka til at dei påfølgjande soloalbuma til kvar av dei fire medlemmene òg vart populære. David Crosby gav ut If I Could Only Remember My Name, Stephen Stills gav ut debutalbumet sitt kalla opp etter seg sjølv, Graham Nash gav ut Songs for Beginners og Neil Young kom med After The Gold Rush.
I 2003 var dette albumet rangert på 148. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene. Same året kåra VH1 Déjà Vu til det 61. beste albumet nokno gong. PåRate Your Music er albumet på 14. plass for 1970 og 217. plass totalt.
Innhald [endre]
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Carry On» (Stephen Stills) | 4:26 | |||||||
| 2. | «Teach Your Children» (Graham Nash) | 2:53 | |||||||
| 3. | «Almost Cut My Hair» (David Crosby) | 4:31 | |||||||
| 4. | «Helpless» (Neil Young) | 3:33 | |||||||
| 5. | «Woodstock» (Joni Mitchell) | 3:54 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 6. | «Déjà Vu» (Crosby) | 4:12 | |||||||
| 7. | «Our House» (Nash) | 2:59 | |||||||
| 8. | «4 + 20» (Stills) | 2:04 | |||||||
| 9. | «Country Girl (Whiskey Boot Hill, Down, Down, Down, Country Girl (I Think You're Pretty))» (Young) | 5:11 | |||||||
| 10. | «Everybody I Love You» (Stills, Young) | 2:21 | |||||||
Medverkande [endre]
Crosby, Stills, Nash & Young
- David Crosby: rytmegitar, vokal
- Stephen Stills: gitar, bassgitar, keyboard, vokal
- Graham Nash: rytmegitar, keyboard, vokal
- Neil Young: gitar, keyboard, munnspel, vokal
Andre medverkande [endre]
- Greg Reeves bass
- Dallas Taylor trommer, perkusjon
- Jerry Garcia pedalsteelgitar (2)
- John Sebastian munnspel (6)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Déjà Vu (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Zimmer, Dave og Diltz, Henry. Crosby, Stills & Nash: The Authorized Biography (First Edition), 1984. ISBN 0-312-17660-0
- ↑ Zimmer og Diltz, s. 115
|
|
|
|---|---|
| David Crosby · Stephen Stills · Graham Nash · Neil Young | |
| Studioalbum | Crosby, Stills & Nash · Déjà Vu · CSN · Daylight Again · American Dream · Live It Up · After the Storm · Looking Forward |
| Andre album | 4 Way Street · So Far · Replay · Allies · CSN (box set) · Carry On · Greatest Hits · Déjà Vu Live · Demos |
| Tilknytte band | The Byrds · Buffalo Springfield · The Hollies · CPR · Crosby & Nash · The Stills-Young Band · Manassas · Crazy Horse |
| Tilknytte folk | Joni Mitchell · Judy Collins · Chris Hillman · Cass Elliot · Timothy B. Schmit · Greg Reeves · Dallas Taylor |
|