Dónal Lunny

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dónal Lunny

Dónal Lunny (fødd 10. august 1947) er ein irsk folkemusikar. Han er rekna som ein av dei viktigaste føregangsfigurane i utviklinga av irsk folkemusikk.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Dónal Lunny vart fødd i Tullamore, og flytta deretter til Newbridge, County Kildare. Han starta karrieren sin som musikar gjennom eit samarbeid med songaren Christy Moore. I 1972 danna Lunny og Moore bandet Planxty, som vart eit stilskapande band innan sjangeren irsk folkemusikk gjennom dei ti følgjande åra.

Lunny forlét Planxty i 1974 og danna The Bothy Band, der han spelte gitar og bouzouki. The Bothy Band vart oppløyst i 1978, men er framleis rekna som eit av dei mest banebrytande banda innan irsk folkemusikk.

Lunny og Christy Moore tok opp igjen samarbeidet i 1981, og danna Moving Hearts saman med uilleann pipe-spelaren Davy Spillane.

Lunny har delteke i fleire prosjekt dei siste åra, blant anna eit soloalbum med tittelen "Donal Lunny" (Gael-Linn 1987), eit anna soloprosjekt med tittelen "Coolfin" (1998), og seinast eit fleirkulturelt prosjekt med namnet Mozaik, med Bruce Molsky, Nikola Parov, Rens van der Zalm, og tidlegare Bothy Band-medlem Andy Irvine.

Irsk bouzouki[endre | endre wikiteksten]

Dónal Lunny og Andy Irvine har vore sentrale i å gjere strengeinstrumentet bouzouki utbreidd i irsk folkemusikk, etter at det vart introdusert av Johnny Moynihan. Lunny fekk den engelske instrumentmakaren Peter Abnett til å byggje ein bouzouki med flat botn i staden for den tradisjonelle runde botnen til den greske bouzoukien.

I dag er irsk bouzouki blitt eit vanleg instrument i irske folkemusikkgrupper. Prosessen kan samanliknast med introduksjonen av mandolaen i den nordiske folkemusikken av den svenske folkemusikaren Ale Möller.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Coolfin, Donal Lunny – 1998

Med Christy Moore[endre | endre wikiteksten]

  • Prosperous – 1972
  • Christy Moore – 1976
  • Whatever Tickles Your Fancy – 1976
  • Live in Dublin – Christy Moore, Donal Lunny & Jimmy Faulkner – 1978
  • AntiNuclear, Christy Moore, tracks: "People Will Die", Barry Moore and "Trip to Cransore", Early Grave Band – 1979
  • Ninety Miles from Dublin, The Rights of Man, Repeal the Union – 1980
  • H-Block, Christy Moore, Donal Lunny, Matt Molloy, Declan Sinnott, a.o. – 1980
  • Christy Moore and Friends – Christy Moore e.o. – 1981
  • The Time Has Come – 1983
  • Ride On – 1984
  • The Spirit of Freedom – 1985
  • Ordinary Man – 1985
  • Unfinished Revolution – 1987
  • Christy Moore
  • Voyage

Med Planxty[endre | endre wikiteksten]

  • Planxty – 1973
  • The Well Below the Valley – 1973
  • Cold Blow and the Rainy Night – 1974
  • After The Break – 1979/1992
  • The Woman I Loved So Well – 1980/1992
  • "Timedance" (12" single) – 1981
  • Words & Music – 1983

Med Bothy Band[endre | endre wikiteksten]

  • 1975 – 1975
  • Old Hag You Have Killed Me – 1976
  • Out of the Wind, Into the Sun – 1977/1985
  • Afterhours (Live in Paris) – 1978/1984
  • Live in Concert – 1994

Med Moving Hearts[endre | endre wikiteksten]

  • Moving Hearts – 1982
  • The Dark End of the Street – 1982
  • Live Hearts – 1984
  • The Storm – 1985
  • Moving Hearts Live in Dublin – 2008

Med Mozaik[endre | endre wikiteksten]

  • Live from the Powerhouse (2004)
  • Changing Trains (2007)

Med Maighread & Tríona Ní Dhomhnaill[endre | endre wikiteksten]

Gjesteopptredenar[endre | endre wikiteksten]

DVD[endre | endre wikiteksten]

  • The Transatlantic Sessions Series 3 (various artists) – 2007
  • Moving Hearts Live in Dublin (Moving Hearts) – 2008