Dôme du Goûter
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Dôme du Goûter | ||
|---|---|---|
|
|
||
| Høgd over havet | 4 304 m | |
| Ligg i/på | ||
| Fjellkjede | Dei graiiske Alpane | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Førsteklatring | 17. september 1784 av Jean-Marie Couttet og François Cuidet | |
Dôme du Goûter (4304 m) er eit fjell i Mont Blanc-massivet. Det er ei aksel av Mont Blanc, toppen på sjølve Mont Blanc ligg to kilometer borte, i søraustleg retning. Dômen vert traversert på dei topprutene til Mont Blanc som går via Bosses-ruta.
Toppen av Dôme du Goûter ligg i fylgje det franske Institut Géographique National (IGN) sine kart inne i Frankrike. På kartet til italienske Istituto Geografico Militare (IGM) synest det som fjelltoppen ligg på grensa mellom Frankrike og Italia.
- Denne artikkelen bygger på «Dôme du Goûter» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2009.