Middeltemperatur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Døgnmiddeltemperatur)

Middeltemperatur er eit mål på gjennomsnittleg temperatur i løpet av eit tidsrom, til dømes eit døgn, ein månad eller eit år.

Utrekningsmåten er avhengig av kor god tilgang ein har til temperaturdata. I minste fall vert middeltemperaturen utrekna som gjennomsnittet av maksimums- og minimumstemperatur, det vil sei summen av maksimums- og minimumstemperatur delt på to.

Ved stasjonar som har målingar kl. 0600, 1200 og 1800 UTC i tillegg til registrering av maksimums- og minimumstemperatur, vert døgnmiddeltemperatur rekna ut frå dette, men etter faktorar som kan vere stasjonsavhengige. Ved automatstasjonar vert gjennomsnittet temperaturmålingar gjerne rekna ut for kvar time.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Middeltemperatur» i Store norske leksikon, snl.no.