Dønnesfjord kapell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dønnesfjord kapell
Kapell
Foto: Oddbjørn Sørmoen
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Hasvik
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Alta
Sokn Hasvik
Fellesråd Hasvik
Type Langkyrkje
Material Tre
Innvigd 1888
Sitjeplassar 120
Kart
Dønnesfjord kapell
70°38′55″ N 22°37′46″ E
Wikimedia Commons: Dønnesfjord kirke

Dønnesfjord kapell, også kalt Galten kapell, er eit kapell frå 1888 i Hasvik kommune i Finnmark. Kapellet er bygd som ei langkyrkje og stod opphavleg i fiskeværet Galten, men vart flytt til Dønnesfjord i 1951.

Byggverket er i tre og er bygd med 120 sitjeplassar. Det er den eldste bygningen i Hasvik kommune, alle andre bygningar gjekk med då tyskarane brente av Finnmark i 1944-45.

Kyrkja er bygd med ein ruvande silhuett ytst mot Lopphavet ytst i DønnesfjordenSørøya. Kyrkja vart freista sett fyr på av tyskarane då dei trekte seg attende frå Finnmark i 1944, men elden ville ikkje ta tak og ho stod att som det einaste huset i kommunen etter krigen. No er det ikkje lenger fastbuande som brukar kyrkja om vinteren. Det er berre gudsteneste i kyrkja ein gong årleg, midt på sommaren. Dåverande sokneprest Paul Skuland i Hasvik foreslo å selje kyrkja for ei krone, men Riksantikvaren sette seg imot dette og la fram forslag om freding. Det vart løyvd 750 000 kroner til å pusse opp kyrkja, og dette vart gjort i 2005.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]