Dønning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brytande dønningar ved Hermosa Beach i California
Dønning nær Lyttelton Harbour i New Zealand

Dønning er havbølgjer som har forplanta seg ut av området det vinden skapte dei. Dønningane er meir regelmessige enn vindbølgjene og har lang bølgjelengd i forhold til høgda. Det er observert dønningar med bølgjelengd på fleire hundre meter og dei kan forplante seg over store avstandar. Til dømes er det observert dønningar ved St. Helena i Sør-Atlanteren frå stormar i Nord-Atlanteren.

Dønningane forplantar seg som regel raskare enn snøggleiken til uvêrssentra, og kan derfor ligge før og nå fram før uvêret som har framkalla dei. Dei kan derfor gje eit varsel om at det er uvêr på veg. Retninga dønningane kjem frå kan ein avgjere ut frå retninga på bølgjekammane.

Bølgjeenergien til dønningane er som regel mykje høgare enn for vindbølgjer, og kan derfor vere farlege for store båtar og konstruksjonar til havs. Når bølgjeperiode nærmar seg ca. 20 sekund vil bølgjelengda typisk vere kring hundre meter, som til dømes er lengre enn ein borerigg. Ved ein periode på kring 20 sekund vil ein ofte kome inn i eigensvinginga til riggane, som dermed kan kome i stor rørsle, og sjølv om bølgjehøgda kan vere låg, og vêret elles fint, må ein i slike tilfelle stenge ned produksjonen til dønningane har minka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]