Døypefont

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døypefont frå 1715 i Gamle Aker kyrkje i Oslo.
Foto: Hans A. Rosbach

Døypefont (frå døype og latin genitiv fontis av fons, 'kjelde',[1]) er eit kar som inneheld dåpsvatnet under dåpsseremonien. Døypefonten er ein av dei viktigaste delane av inventaret i kyrkja, og kan vere laga av stein, tre eller metall. Oftast er fonten rikt dekorert.

Døypefonten i Gulen kyrkje i Gulen i Sogn, ein særs enkel font av stein som kan hende skriv seg frå byrjinga av mellomalderen, er det knytt mange segner til.
Døypefont frå 1864, forma som ein engel med dåpsfatet i hendene, laga av bilethoggar Julius Middelthun. Fonten står i Trefoldighetskirken («Treeiningskyrkja») på Hammersborg i Oslo.
Døypefont i romansk stil frå mellomalderen. Dejbjerg Kirke i Ringkøbing-Skjern Kommune i Danmark.
Den danske kristningskongen Harald Blåtand vart døypt i ei tønne av tre, dersom ein skal tru ei mykje seinare framstilling på dei danske, gylte «Tamdrupplatene», som er frå ikring år 1200.

Døypefonten har etter reformasjonen vore plassert i eller nær koret. Tidlegare (i mellomalderen) var døypefonten plassert i nærleiken av inngangen til kyrkja for å symbolisere at dåpen var inngangen til kristenlivet.

I dei seinare hundreåra har det blitt vanleg å legge døypefat av metall oppi døypefonten. Ei døypekanne vert nytta for å fylle vatn i døypefonten.

Døypefontar i mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Døypefontar av stein vart laga frå 1100-talet og framover i både Noreg, Norden og elles i Europa. Dei er vanlegvis utforma som ein sirkulær eller mangekanta steinskål eller steinkum på ein smalare fot som er plassert på ein vidare sokkel. Utsida av skåla, foten og sokkelen er ofte rikt utstyrt med relieffbilete og meir eller mindre frittståande figurar som har vore måla i skarpe fargar i si tid. Mange av desse døypefontane er teke vare på i kyrkjer og i musé, men målinga er no for det meste heilt vekk; berre nokre spor her og der stadfest at det har vore vanleg å fargeleggje steindøypefontane.

Motiva på mellomalderdøypefontane kunne vere henta frå dei bibelske forteljingane og/eller frå helgenlegender og segner. Men det er òg mange motiv som gjev til kjenne ei eller anna form for kristne bodskap ved hjelp av symbolikk som er vanskeleg å tolke i vår tid, men som må ha vore lett å skjøne med den kunnskapen om heidne førestillingar som lek og lærd hadde i mellomalderen. Dessutan kan somme motiv truleg vere knytt til konkrete hendingar eller lokale tilhøve som ein ikkje kjenner til å vår tid.

Det finst òg fleire døme på symbolske motiv som vert sett på som upassande for kyrkjeleg bruk i vår tid, men som i tidlegare tider har vore både naturlege, overtydande og oppbyggjelege. På eit parti på utsida av skålen på ein romansk døypefont av granitt i Vester Tørslev kyrkje i Aust-Jylland i Danmark er det til dømes framstilt ein mann med ein velvaksen erigert penis som står mellom bakparten av to løver. Mannen har båe armane rett utstrekte til kvar si side på liknande måte som den krossfesta Kristus i triumfstilling på dei romanske krusifiksa frå mellomalderen. Eit anna døme er å sjå på ein romansk granittdøypefont frå Vester Egede ved Næstved på Sjælland i Danmark. Her er det framstilt ei kvinne i sittande fødestilling, plassert med hovudet nedover og underlivet opp mot opninga på skålen. Kvinna har eit pattande dyr ved kvart av dei fyldige brysta sine; desse dyra er likeeins framstilt opp-ned.

Litteratur om nordiske døypefontar frå mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Materiale om nordiske mellomalderdøypefontar og tolkingar av ymse motiv finst mellom anna i fylgjande bøker:

  • Gotfredsen, Lise & Hans Jørgen Frederiksen. 2003. Troens billeder : Romansk kunst i Danmark. København: G.E.C. Gads Forlag. Aktieselskabet af 1994. ISBN 87-12-03860-1
  • Hoftun, Oddgeir. 2008. Kristningsprosessens og herskermaktens ikonografi i nordisk middelalder. Oslo: Solum Forlag. ISBN 978-82-560-1619-8
  • Mackeprang, M. 1941. Danmarks middelalderlige Døbefonte. København: Selskabet til Udgivelse af danske Mindesmærker/Andr. Fred. Høst & Søns Forlag.
  • Solhaug, Mona Bramer. 2001 [2000]. Middelalderens døpefonter i Norge I & II. Oslo: Det historisk-filosofiske fakultetet, Universitetet i Oslo/Unipub forlag.
  • Svanberg, Jan. 1995. Stenskulpturen, i Karlsson, Lennart m.fl., Signums svenska konsthistoria : Den romanska konsten. Lund: Bokförlaget Signum i Lund. ISBN 91-87896-23-0

Fotnoter[endre | endre wikiteksten]

  1. Font i Nynorskordboka, arkivert frå originalen 7. mars 2016, henta 13. november 2011 

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Døypefont


Spire Denne kristendomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.