Døypefonten i Gulen kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døypefonten i Gulen kyrkje
Foto: Nina Aldin Thune

Døypefonten i Gulen kyrkje står i Gulen kyrkje i Eivindvik i Gulen kommune. Han kan vere frå omkring år 1000 og er i stein. Ein er ikkje helt sikker på opphavet og historia til døypefonten, men det er knytt fleire munnlege overleveringar til han.

Døypefonten
Foto: Nina Aldin Thune
Dåpsmugga og dåpsfat
Foto: Nina Aldin Thune
Døypefonten med duk, dåpsfat og dåpsmugge
Foto: Nina Aldin Thune

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Døypefonten er forma som ein stor firkanta terning på omtrent 60 cm med eit hòl øvst i midten til dåpsvatnet. Det ser ut til at døypefonten er laga av same steinslag som dei to steinkrossane som står, ein like utanfor kyrkjegardsmuren og ein litt lengre oppe i bakken. Døypefonten stod tidlegare ved sida av steinkrossen ved kyrkjegardsporten. Døypefonten kan vere frå omkring år 1000. Han er no utstyrt med eit dåpsfat frå 1897 i sølv med innskrifta: «Jeg døber dig i navnet Faderens og Sønnens og Den Helligånds.» Dåpsmugga er frå 1963.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Døypefonten si historie byggjer på segner og forteljingar:

Segna fortel at då kong Olav skulle døype folket på Gulatinget vart fatet spent ut av hendene på prestane av folket. Dette ville ikkje kongen ha noko av, så han fekk laga eit dåpskar av stein. Det er uklårt om kongen var Olav Trygvason eller Olav Haraldsson.[2]

Absalon Taranger noterte i 1893 ned ei forteljing om døypefønten, truleg etter Bertel Geitnæs. Denne fortel at ein prest, kanskje «Dressing», skal ha flytta døypefonten ned til Borggarden, men Niels Griis Alstrup Dahl flytta han oppatt til krossen og skal ha sagt at det var der han høyrde heime og at han måtte bevarast som eit gammalt minne.[2]

Det blir fortalt at då døypefonten stod nede ved sjøen, så skal prestane ha brukt han til å vaske fisk i.[2]

Fritjof Birkelid skriv i si bok Norske steinkors i tidlig middelalder at døypefonten skal vere funnen i trappa til eldhuset på prestegarden.[3]

Anna Elisabeth Westerlund skal i 1983 i eit syn ha sett at døypefonten stod inne i den første kyrkja som vart reist i Eivindvik. Det skal ha vore ei lita enkel kyrkje med jordgolv.[3]

Ifølgje Elling Bjordø og Karl Gåta skal døypefonten ha vorte sett inn i den noverande kyrkja i 1905. Det skal ha vore ein vikarprest med namn Gundersen som fekk døypefonten sett inn i kyrkja.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Aaraas, Margrethe Henden, Dupedal, Torkjell. Vengen, Sigurd og Førsund, Finn Borgen; På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane, bind 2. Sogn side 67
  2. 2,0 2,1 2,2 Midthun, Magnor, «Døypefonten i Gulen Kyrkje» i Glimt frå Gulen side 65
  3. 3,0 3,1 3,2 Midthun, Magnor, «Døypefonten i Gulen Kyrkje» i Glimt frå Gulen side 66

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Aaraas, Margrethe Henden, Dupedal, Torkjell. Vengen, Sigurd og Førsund, Finn Borgen; På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane, bind 2 Sogn, Førde 2000 ISBN 82-91722-14-5
  • Midthun, Magnor, «Døypefonten i Gulen Kyrkje» i Glimt frå Gulen 1994 side 65-66
  • Nordsjøløypa, Informasjonsark fra Turistinformasjonen i Gulen kommune

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]