D-meson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

D-meson er ein elementærpartikkel, eit meson, og dei lettaste partiklane som inneheld sjarmkvarkar. Dei vert ofte studert for å få kunnskap om svak vekselverknad[1] Dei sære D-mesona (Ds) vart kalla «F-meson» før 1986.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

D-mesonet vart oppdaga i 1976 av Mark I-detektoren ved Stanford Linear Accelerator Center.[2]

Sidan D-mesona er dei lettaste mesona med berre ein enkel sjarmkvark (eller antikvark), må dei endre sjarmkvarken (antikvarken) til ein kvark eller ein annan type desintegrasjon. Slike overgangar bryt det indre sjarm-kvantetalet, og finn berre stad via svak vekselverknad. I D-meson vert sjarmkvaren fortrinnsvis til ein særkvark via ei utveksling med ein W-partikkel, så D-mesona desintegrerer derfor fortrinnsvis til kaon eller pion.[1]

I november 2011 rapporterte forskarar ved CERN at dei hadde observert eit direkte CP-brot i den naturlege desintegrasjonen av D-meson, noko som mogelegeins ikkje kan forklarast med standardmodellen.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]