DB «Bjoren»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
DB Bjoren på veg nordover frå slusene ved Storstraumen.

D/B «Bjoren» er ein vedfyrt dampbåt som trafikkerer strekninga Byglandsfjord-Bygland og Bygland-Ose i Setesdal søndagar i juli.

Ved som drivstoff var eit naturleg val, ettersom det var, og er, rikeleg, lokal tilgang på dette. Vedfyringa bidrar sterkt til å gjere Bjoren til ein unik kulturskatt og eit flytande, teknisk museum.

Båten er i dag 68,9’ lang og veg om lag 26 tonn. Den er sertifisert for maksimalt 55 passasjerar.

Bjoren 1.jpg

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Bjoren vart bygd som passasjerbåt ved Akers mekaniske verksted i 1866 for rutetrafikk på Kilefjorden som er en del av Otra, vel 3 mil nord for Kristiansand. Opphavleg var båten 52’ lang og hadde ein maskin på 14 hk. I 1897 vart båten forlenga med 6’ og i 1914 med ytterlegare 10’. Ved denne påbygginga vart det også installert ny, vedfyrt dampkjele og maskin med heile 42 hk.

Setesdalsbana vart opna på heile strekninga til Byglandsfjord i 1896 fall trafikkgrunnlaget på Kilefjorden bort. Båten vart etter ombygginga difor flytta 30 kilometer oppover i dalen, til Byglandsfjorden, og sett inn i trafikk på den ca 3,5 mil lange strekninga Byglandsfjord-Ose. Ruta gjekk over Årdalsfjorden og Byglandsfjorden, gjennom slusa ved Storstraumen og vidare via Bjåfjorden, Sandnesfjorden og Åraksfjorden til Ose. Rutetrafikken med Bjoren på denne strekninga gjekk i 60 år.

Alt frå 1920-talet byrja bilruter å ta trafikk frå båten. Då det på 1950-talet vart bygd veg på vestsida av Byglandsfjorden fall trafikkgrunnlaget heilt bort. Båten gjekk i opplag, forfallet starta og etterkvart gjekk den til botnar.

Bjorens andre liv[endre | endre wikiteksten]

Rundt 1970 starta så ein aksjon for å berge det som var igjen av båten og få den restaurert. Riksantikvaren kom inn i biletet og i 1994 var Bjoren på ny seilklar etter restaurering ved Drammen skibsreparasjoner AS.

I 2005 vart det oppdaga omfattande råteskader bl.a. i takbord og dørk og ein kanselerte såleis seglingsplanen for denne sesongen. I staden vart båten enno ein gong sett i stand, ikkje minst med tanke på 140-års jubileet i 2006.

Det er i dah Selskapet Bjoren AS som eig og driv båten. Foreininga «Bjorens venner» legg dessutan ned ein stor dugnadsinnsats båten.

Bjoren har motteke tilskot til vedlikehald og reparasjonar samt drift frå Riksantikvaren. Som verdas einaste vedfyrte dampbåt i rutetrafikk, er den ein unik attraksjon for turistar og andre. 11. august 2006 fekk dronning Sonja oppleve denne særeigne veteranbåten på ein totimars tur frå Ose til Bygland. I tillegg til rutetrafikken, gjer Bjoren og ei rekke charterturar med foreiningar, firma og andre grupper.