dc Talk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå DC Talk)
dc Talk

Frå venstre: Michael Tait, Kevin Max Smith og Toby McKeehan.
OpphavUSA
Aktiv1988-2001
SjangerHip-hop, rock og pop
PlateselskapForefront Records, Virgin Records
MedlemmerToby McKeehan
Kevin Max Smith
Michael Tait

dc Talk var ei amerikansk kristen rock-, pop- og hip-hop-gruppe som bestod av Kevin Max Smith, Toby McKeehan og Michael Tait. «dc» i dc Talk står for «Decent Christian» (ordentleg kristen), men var først kallenamnet til rapparen Toby McKeehan fordi han kom frå Washington, D.C. Gruppa utvikla seg til å bli ei av dei mestseljande kristne musikkgruppene gjennom tidene.

Oppstart[endre | endre wikiteksten]

Dei tre bandmedlemene kom saman seint på 80-talet i Lynchford i Virginia. McKeehan og Tait gav ut ein demo kalla «Christian Rhymes to a Rhytm». Etter dette vart også Kevin Max Smith med i gruppa, og dei skreiv kontrakt med plateselskapet Forefront Records. Som regel var Tait og Smith vokalistar, medan McKeehan hovudsakleg rappa.

Den fyrste plata deira fekk tittelen DC Talk, og vart utgjeven i 1989. Dette er ein rein «old school» hip-hop-CD, det vil seia etter den stilen som var vanleg på den tida, og som høyrest svært annleis ut enn dagens hip-hop. Artistar som representerte denne musikkstilen var MC Hammer og Run DMC. På denne tida var dc Talk enno berre ei lita kristen gruppe.

Allereie året etter kom utgjeving nummer to ut; CD-en Nu Thang (1990). Same året kom jole-CD-en Yo, Ho, Ho! ut, som mellom anna inneheldt nyinnspelingar av den gamle jolesongen «We three kings of orient are». Framleis var det rein hip-hop gruppa produserte. Men dc Talk voks i popularitet, og allereie i 1991 varma dei opp for den kjende amerikanske lovsongsartisten Michael W. Smith. Dei fekk ein Dove Award for Nu Thang.

Suksess[endre | endre wikiteksten]

Den verkeleg store suksessen fekk ikkje bandet før utgjevinga av Free at Last (1992). Stilen på denne plata hadde endra seg ifrå dei to førre. Grunnmusikkstilen var framleis hip-hop, men det var no også innslag av både gospel, R&B, rock og pop. Tittelsongen «Free at Last» inneheldt lydklipp sampla frå Martin Luther King sin mest namngjetne tale. Songtekstane dreidde seg rundt kristen livsstil og bodskap samt samfunnskritiske tema. Tre av songane på plata vart det laga musikkvideoar til, og albumet fekk ein Grammy i klassa Best Rock/Contemporary Gospel Album. I 2002 vart ein film av turnéen bandet reiste på etter plateutgjevinga gjeven ut under namnet Free at Last: the Movie.

Populariteten til gruppa skulle stiga endå meir. I 1995 kom CD-en Jesus Freak ut, og her hadde musikkstilen tydeleg endra seg. Jesus Freak inneheld få spor av hip-hop, og er hovudsakleg ein rockeplate. Albumet selde meir enn to millionar utgåver, og nådde opp på plass nummer 16 på den amerikanske Billboard-lista. Tekstane hadde framleis kristen tematikk og samfunnskritikk Colored People», «What Have We Become?»). Etter utgjevinga av denne CD-en signerte gruppa ein kontrakt med det store plateselskapet Virgin Records. Difor, trass i ein klår kristen bodskap, vart dc Talk no meir akseptert av det sekulære publikummet òg. Det vart laga musikkvideoar til fleire av songane, og ein av desse, «Just Between You and Me», fekk mykje sendetid både på VH1 og MTV.

Turnéen til Jesus Freak fekk namnet The Freakshow Tour. Denne resulterte i den rockeprega liveplata Welcome to the Freak Show (1997), som inneheld songar frå både Nu Thang, Free at Last og Jesus Freak.

Supernatural og pausen[endre | endre wikiteksten]

I 1998 kom dc Talk si siste reine studioplate, Supernatural, på Virgin Records. Denne vart seld meir enn noka kristen utgjeving til då, og nådde heilt opp til fjerdeplass på Billboard-lista. Stilen på Supernatural går meir i retning av pop, men inneheld også element av hard rock, («Supernatural») pønkrock, («Since I met you») og indisk musikk («Dive») Supernatural resulterte i turnéen The Supernatural Experience, og ein video med det same namnet.

I 2000 erklærte dc Talk at dei tok ein pause med bandet for å jobbe med sine respektive solokarrierar, og gav i det høvet ut albumet Intermission: the Greatest Hits. Dette inneheldt songar frå både Free at Last, Jesus Freak og Supernatural. Nokre av songane som i utgangspunktet var rein rock eller hip-hop er litt mixa på denne CD-en for å høyrast meir ut som pop. CD-en inneheldt også to nye songar, i sjangeren pop-rock.

I 2001 gav dc Talk ut plata Solo, med eigenproduserte songar frå kvar av dei tre medlemmene, og ei nyinnspeling av U2 sin song «40». Etter dette gjekk tida, og alle tre bandmedlemma gav ut CD-ar med eigne, nye band, ganske ulike stilmessig. Gruppa har dei siste åra gjeve ut fleire samle-CD-ar med gamle hittyar.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1989: DC Talk (studio)
  • 1990: Nu thang (studio)
  • 1990: Yo, Ho Ho! (studio)
  • 1992: Free at Last (studio)
  • 1995: Jesus Freak (studio)
  • 1997: Welcome to the Freakshow (live)
  • 1998: Supernatural (studio)
  • 2000: Intermission: the Greatest Hits (samle-cd)
  • 2001: Solo (studio-EP)
  • 2003: 8 Great Hits (Samle-cd)
  • 2006: The Early Years (Samle-cd)
  • 2006: Top 5 Hits (Samle-cd)
  • 2007: Double Take (Jesus Freak/Supernatural)
  • 2007: Greatest Hits (Samle-cd)
  • 2008: Two For One: Free At Last / Supernatural
  • 2008: Greatest Hits (Samle-cd)
  • 2009: The Ultimate Collection (Samle-cd)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]