Diklordifenyltrikloretan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå DDT)

Diklordifenyltrikloretan (DDT) er eit fargelaust, krystallinsk, smaklaust og nesten luktfritt organoklorid som er nært uløyseleg i vatn, men godt løyseleg i feitt. Bruk av DDT er no forbode i fleire land.

Historie[endre | endre wikiteksten]

DDT vart først laga i 1873. Sveitsaren Paul Hermann Müller oppdaga at det eigna seg som insektmiddel i 1939.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

DDT er eit effektivt insektmiddel. Relativt små mengder av stoffet gjev god effekt. Dessutan er det lite giftig for menneske, samanlikna med andre insektmiddel. Det har vore brukt mot mygg som spreier malaria og andre sjukdomar, noko som førte til færre tilfelle av sjukdomane.

Stoffet har òg vore nytta i landbruket.

DDT i naturen[endre | endre wikiteksten]

Rovfuglar som har fått i seg DDT legg egg med så tynne skal at dei ikkje toler ruging. Sjølv om stoffet aldri har blitt brukt i nærleiken av Nordpolen, har det blitt funne svært store mengder av gifta i isbjørnar. Dette viser at når gifta først har kome inn i næringskjeda vil det få store konsekvensar, særskild for dei store rovdyra våre.

I elvar har stoffet ei halveringstid på 26 dagar, men det vert verande lenge i jord. DDE og DDD er nedbrytingsprodukt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Diklordifenyltrikloretan
Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.