DS «Hansteen»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Seil-dampskipet «Hansteen» ved kai i Trondheim

DS «Hansteen» er eit segl-dampskip bygd i 1866 ved Nyland mek. Verksted for Norges Geografiske Opmåling, NGO, og oppkalla etter den dåverande sjefen for NGO, professor Christopher Hansteen. Skipet vart og lånt ut til havforsking for Johan Hjort og G.O. Sars. I 1872 var skipet losji for kong Oscar II under avdukinga av Haraldstøtta i Haugesund.

I 1898 vart skipet så seld til Innherad Forenede Damskipsselskap som nytta den som lokalbåt i Trondheimsfjorden. Seld vidare til Det Helgelandske Dampskipsselskab og døypt om til til "Haarek" og gjekk i rutetrafikk på Helgelandskysten og mellom Sandnessjøen og Træna. I 1950 vart båten seld til Florø og konvertert til losjiskip, først for sesongarbeidarar under sildefisket. Oslo Indremisjon kjøpte skipet i 1962 under namnet "Ivar Elias" vart skipet nytta som losjiskip i Akerselva.

I 1978 kjøpte Olaf T. Engvik skipet og restaurerte det tilbake til utforminga som havforskingsskip. I 1986 overtok av Stiftinga D/S «Hansteen» i Trondheim og gjorde stadige restaureringsarbeide både i skrog og interiør. Skipet ligg no ved hamna i Trondheim.

Historie[endre | endre wikiteksten]