DS «Hardangeren»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

MS «Tysnes» (til venstre) og DS «Hardangeren» (høgre)
ved Fjæra i Åkrafjorden i Hardanger. 1930.
Karriere  Noreg
Namn: DS «Hardangeren»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskab
Verft: Bergen Mekaniske Verksted AS
Verftsnummer: 16
Sett i teneste: 1880 (for HSD)
Teke ut av teneste: 1950
Lagnad: Opphogd 1951
Generelle mål
Tonnasje: 136 brt
1884: 230 brt
Lengd: 39,90 m
1884: 43,80 m
Breidd: 6,00 m
Djupgang: 3,00 m
Installert effekt : 320 iHK
Framdrift: 2cyl.Comp
Fart: 8 knop

DS «Hardangeren» var eit dampskip bygd av Bergen Mekaniske Verksted AS for reiarlaget Interessentskabet Hardangeren og levert juli 1869.

Skipet var det første skipet i flåten til Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap (HSD) og var i HSD si eige frå 1880 til 1950. Ho gjekk i diverse ruter fram til like etter krigen. Då fekk HSD nye ruteskip og DS «Hardangeren» fungerte som reserveskip til det vart seld i 1950 til A/S Sildefiskernes Exportlag i Bergen og omdøypt «Harda». Alt året etter, i 1951 vart skipet levert til opphogging.

I 1884 vart skipet forlenga og ny motor på 250 iHK vart sett inn i 1889. I 1896 vart skipet igjen ombygd, no til 226 brt.

Under første verdskrigen vart skipet rekvirert to gonger av Bergensavdelinga i den norske marinen. I 1924 vart det sett inn ny maskin i båten på 225 iHK.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]