DS «Haus»
DS «Haus» var ein dampbåt som vart bygd i 1914 av Mjellem & Karlsen for Indre Nordhordlandske Dampskibsselskab. Båten var på 135 bruttotonn, målte 101,1/19,1 fot og kunne ta 250 passasjerar. DS «Haus» var dermed noko mindre enn DS «Oster» som INDL også drifta. Etter at Noreg kom med i den andre verdskrigen, vart DS «Haus» rekvirert av den norske marinen og stasjonert i Hardangerfjorden, der han tok del i kampane mot tyskarane. Då Noreg kapitulerte, vart DS «Haus» tatt av tyskarane som NB. 05 Wiesel for Hafenschutz-flotille Bergen.
Etter krigen gjennomgjekk DS «Haus» eit større ombyggingsarbeide i 1949. Båten fortsatte passasjertrafikken til 1960, då båten vart seld og omgjort til lastebåt. Under diverse eigarar gjekk båten under namna MS «Hausen» og MS «Listein». Siste eigar vart Orion Film A/S. Som «Sandy Hook» vart båten sprengd og søkt like utanfor Svalbard under filminspelinga av Jon Michelet si bok Orions Belte.