DS «Hestmanden»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
DS «Hestmanden»
DS Hestmanden i Oslo, 1936.jpg
DS «Hestmanden» i 1936
Foto: Anders Beer Wilse
Karriere
Namn: DS «Vegafjord» (1955–1979)
DS «Hestmanden» (1979–)
Type: Stykkgodsskip
Verft: Laxevaags Maskin & Jernskibsbyggeri
Ferdigbygd: 1911
Status: Fredet. Restaurert
Generelle eigenskapar
Tonnasje: 979 brt tonn
Lengd: 195,6 fot m
Dekkbreidde: 30 fot m
Djupgang: 15,8 fot m
Passasjerar: 100

DS «Hestmanden» (tidlegare: DS «Vegafjord») er eit norsk lastedampskip med passasjerkapasitet. Det vart overlevert Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS) i 1911. Skipet var byggenummer 104 ved Laxevaags Maskin & Jernskibsbyggeri i Bergen, og vart etter overleveringa sett inn i kystgodstrafikk. Skipet kom uskadd gjennom både første og andre verdskrig, og fortsette i VDS si teneste til det vart seld til Høvding Skipsopphugging i 1955.

Etter å ha lege i opplag frå 1965, vart skipet kjøpt av Norsk Veteranskibsklub i 1979. I 1982 starta restaureringsarbeidet. Arbeidet stoppa opp, men i 1995 gjorde offentlege midlar at arbeidet heldt fram. DS «Hestmanden» er det einaste attverande skipet av Nortraships flåten. I 1996 vart det erklært verneverdig av riksantikvaren[1]. Skipet representerer både norsk maritim historie og krigshistorie frå fyrste halvdel av det førre hundreåret. Miljøvern- og Kultur- og kyrkjedepartementet har til saman løyvd 68 millionar kroner til antikvarisk restaurering av DS «Hestmanden» for perioden 1995–2008. Skipet vart i september 2011 sjøsett etter å ha vorte restaurert ved Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter i Kristiansand.

VDS hadde som tradisjon å kalle skipa sine opp etter geografiske namn frå Nord-Noreg. Hestmannen er ein fjellformasjon på Hestmannøy i Nordland fylke.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vesteraalens Dampskibsselskab[endre | endre wikiteksten]

DS «Hestmanden» vart bygd på bestilling frå Vesteraalens Dampskibsselskab og overlevert 23. september 1911. Byggetida var om lag eitt år. Skipet blei sett inn i kystgodsruta mellom Bergen og Tromsø. Mellom 1915 og 1917 gjekk det i Nordsjøfart med kol mellom England og Frankrike. Under første verdskrigen var «Hestmanden» utleigd til britiske styresmakter, og gjekk med britisk mannskap i britiske farvatn. «Hestmanden» gjekk og i konvoifart, mellom anna mellom Frankrike og Arkhangelsk i Russland. Frå 1924 og fram til krigsutbrotet i 1940 segla skipet i kystgodsruta mellom Oslo og Kirkenes, med ein og annan tur til Petsamo i Finland.

Under det tyske angrepet på Noreg 9. april 1940, var DS «Hestmanden» på nordgåande i kystgodsruta. Skipet vart etter kort tid rekvirert av den norske marine for å transportere forsyningar og mannskap nord for frontlinja i Nord-Norge. Etter ein månad tid vart skipet frigitt, og var på Svalbard for å laste kol då det vart klart at den norske regjeringa ville kapitulere. DS «Hestmanden» vart, saman med andre handelsskip som ikkje var i tysk-kontrollert farvatn, beordra til Storbritannia. Skipet vart saman med Det Bergenske Dampskibsselskabs DS «Nova» eskortert til Færøyane, og så, via Orknøyene, til Clyde i Skottland. Dit kom det 4. juli 1940. Resten av krigen var «Hestmanden» under Nortraships kontroll, og gjekk stort sett i konvoiar i britisk farvatn.I juni 1945 var «Hestmanden» det første norske skipet som gjekk frå Oslo til Finnmark med forsyningar til attreisinga.

Krigsåra, med minimalt vedlikehald, hadde sett sine spor. I 1946 blei «Hestmanden» modernisert og ombygd ved Akers mekaniske verksted. Sidan gjekk det for det meste i kystgodsruta, fram til 1955.

Høvding Skibsopphugging[endre | endre wikiteksten]

I 1955 kjøpte Høvding Skipsopphugging i Sandnessjøen skipet og døypte det om til «Vegafjord». Høvding Skipsopphugging hadde kjøpt rettane til tyske skipsvrak og skipslastar langs norskekysten. «Vegafjord» deltok mellom anna i hevinga av den tyske ubåten U-843, som vart eit lønsamt oppdrag for bergingsselskapet. Skipet deltok også i oppryddingsarbeidet etter krigen, og frakta mykje skrapmetall ut av landet. DS «Vegafjord» var i drift fram til 1965. Då vart ho lagt i opplag. Høvding Skipsopphugging var klar over den historiske verdien til skipet. Dei tok kontakt med Norsk Sjøfartsmuseum for å diskutere bevaring, men verneforslaget fekk ikkje støtte[2]. Skipet vart liggande i opplag i nærleiken av Sandnessjøen.

Veteranskip[endre | endre wikiteksten]

I 1979 vart fartøyet kjøpt av Norsk Veteranskibsklub og slept til Trondheim i 1982. Ein byrja med restaureringsarbeid i 1983 og fram til 1987 vart det gjennomført et såkalla "møllpose-prosjekt" for å sikre båten og stogge forfallet. Hestmanden vart sandblåst og måla utvendig og delvis innvendig, det vart bygd tett tak over hele båten. Konservering i maskinrom og innreiing vart påbegynt. Mangel på midlar gjorde at arbeidet i Trondheim ikke kom lengre enn til å avgrense ytterlegare forfall. I 1992 blei DS «Hestmanden» slept til Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter i Kristiansand. I høve 50-års jubileet for frigjeringa i 1995 løyvde Stortinget fem millionar kroner til restaureringa av fartøyet, under føresetnad av at skipet skulle vere eit seglande krigsminnesmerke over krigsseglarane. I 1996 blei DS «Hestmanden» erklært verneverdig av riksantikvaren, og 26. april same året vart hun overtatt av Stiftelsen Hestmanden. Målsettinga var å restaurere skipet til 1947-stand etter antikvariske retningslinjer, og å tilretteleggje for besøkande.

I 2002 var skroget ferdig restaurert, og arbeidet vart konsentrert om maskinrom, dekk og overbygg. I 2007 vart det museale ansvaret overtatt av Vest-Agder-muséet. Restaureringsarbeidet har vist seg å varte dyrare og meir tidkrevjande enn ein rekna med. I slutten av 2008 stoppa arbeidet opp i påvente av revidert nasjonalbudsjett for 2009. Dette vart lagt fram 16. mai 2009, men inneheld ikkje løyvingar til å fortsette restaureringsarbeidet. I slutten av 2009 blei tre verne-alternativ vurdert: seglande skip, fast oppankra ved kai, eller sett på land i eige vernebygg[3].

23. september 2011 blei «Hestmanden» sjøsett etter å blitt ferdig restaurert ved Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter.[4] Skipet er måla i grå kamuflasjefarge. Det skal ligge forankra som museumsskip framfor Kilden teater- og konserthus i Kristiansand. I november 2011 skal skipet døypast på nytt, i nærvær av H.M. Kong Harald.[5]

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

  • 1911: Overlevert Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS).
  • 1913: Første utanriks seglas.
  • 1917: (første verdskrig) Utleigd til britiske styresmakter.
  • 1919: Leiekontrakten vert avslitta, skipet returnert til VDS.
  • 1940: (andre verdskrig) Gjekk til Skottland i juni og blei innlemma i Nortraship.
  • 1947: Ombygd og modernisert ved Akers Mekaniske Verksted, Oslo.
  • 1955: Seld til Høvding Skipsopphugging og omdøypt til«Vegafjord».
  • 1965: Lagt i opplag.
  • 1979: Kjøpt av Norsk Veteranskibsklub.
  • 1982: Slept til Trondheim, "møllpose-prosjekt" for å stoppe forfallet ferdig 1986/87
  • 1992: Slept til Bredalsholmen i Kristiansand.
  • 1995: Stortinget gav DS «Hestmanden» status som krigsminnesmerke.
  • 1996: Erklært verneverdig av riksantikvaren, Stiftelsen Hestmanden overtar skipet.
  • 2002: Skroget ferdig restaurert.
  • 2008: Restaureringsarbeidet stoppet opp på slutten av året grunna manglende bevilgingar
  • 2011: Sjøsett etter restaurering, på hundreårsdagen.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

DS «Hestmanden» er bygd som bakladar - det vil sei at overbygg og maskinrom er plassert akter. Skroget er bygd av klinka stålplater, og dekket er av tre. Lengde mellom stamnane er 185 fot. Ved levering var tonnasjen 979 bruttoregistertonn, og lasteevna var 1 260 dødvekttonn. Hovudmaskinen var ein Laxevaag trippel ekspansjon dampmaskin som vart oppgitt å yte 550 ihk (indikerte hestekrefter). Kjelen var ein kolfyrd skottekjele med tre fyrgangar. DS «Hestmanden» hadde passasjerkapasitet på 100.

På 1920-talet fekk skipet påbygd toppbru, og seinare også innebygde bruvengar. I 1930-årene blei lastebommene oppgradert med mellom anna ein tungløftbom som åleine kunne løfte 10 tonn. Dette gjorde at skipet kunne losse og laste tyngre kolli i hamner med liten krankapasitet. I 1946 - 1947 blei «Hestmanden» oppgradert og modernisert ved Akers Mekaniske Verksted i Oslo. Kjelen blei konvertert frå kolfyring til oljefyring, noko som gjorde at mannskapslugarane framme kunne flyttast akter, der kolbaksane tidlegare hadde vore. Brua blei innreidd til kapteinslugar, salong og to passasjerlugarar. Nytt styrhus blei bygd oppå. Skipet blei no målt til 755 bruttoregistertonn med tonnasjeluke.

Se også[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]