DS «Skibladner»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Skibladne (norrøn mytologi)
Dampskipet «Skibladner» på Mjøsa

DS «Skibladner», bygd på Motala Verkstad i Sverige mellom 18541856, er Noregs einaste hjuldampar, og er det eldste norske skip som framleis er i drift. Det er òg verdas eldste operative hjuldampar i rutegåande trafikk. Skipet trafikkerer Mjøsa, ifrå Eidsvoll til Lillehammer. DS «Skibladner» (av norrønt Skíðblaðnir) er oppkalla etter skipet Skidbladne i norrøn mytologi. Skibladner vert eigd og drive av AS Oplandske Dampskibsselskab (ODS).

DS «Skibladner» blir kalla Mjøsas kvite svane.

Rute[endre | endre wikiteksten]

Utgangspunktet for dagens ruter er Gjøvik. Om sommaren (2010) går skipet i fast rute mellom Gjøvik, Kapp på Toten ved Kapp Melkefabrikk, Hamar, Eidsvoll tur/retur på onsdag, fredagar og søndagar. På tysdagar, torsdagar og laurdagar går ruta Gjøvik, Hamar, Gjøvik, Moelv, Lillehammer tur/retur. Det stoppar òg på Nes og Totenvika ved Panengen på søndagsavgangane.

Tidlegare gjekk skipet same ruta kvar dag mellom Eidsvoll og Lillehammer.

Mange av turane i sommarsesongen, både for charter og opne arrangement, er «Gladjazzturar» med orkesteret Gosen Gla'jazz.

Vinteropplag[endre | endre wikiteksten]

Om vinteren ligg Skibladner i vinteropplag på Gjøvik der skipet skipet har fått sitt eige vernebygg der eine veggen er i glas. Tidlegare låg Skibladner på Minnesund som framleis har dokkfasilitetar for vedlikehald av skipet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skibladner ved Eidsvoll 1866
«Skibladner» ved Dampskibsbryggen, Eidsvoll 1880-1890. Eidsvold Hotell til venstre.
Skibladner ved Hamar 1900

Skibladner er oppkalla etter Skíðblaðnir , skipet til den norrøne guden Frøy, guden for sol, regn, fred og fruktbarheit Det skal ha hatt plass til alle Æsene og kunne kunne segle like godt til lands som til vatns, og det seglde alltid i medvind. Snorre seier at Odin hadde et skip som heit «Ski-bladne». Dette skipet kunne brettast saman som ein duk og kunne puttast i lomma. Sidan det er Snorre som skriv om det, reknar ein med at det må ha blitt oppfatta som eit særs viktig skip.

Jomfruturen gjekk frå Minnesund og nordover på Mjøsa 2. august 1856. Båten har sokke i vinteropplag to gongar, i 1937 og 1967, men vart begge gongane heva etter kort tid. Båten er bygd om og restaurert ei rekke gongar opp gjennom åra.

Før var skipet viktig for å transportere folk frå Eidsvoll til mjøsbyane Hamar, Gjøvik, Moelv og Lillehammer. I dag er Skibladner først og fremst til for turisme og fritidsturar. Den opererer berre om sommaren, fordi Mjøsa ofte er islagt og blir tappa ned om vinteren.

Skibladner var tidlegare viktig for postgangen. Framleis er det eige postkontor ombord med eige stempel. Det er populært å sende postkort som blir poststempla «Skibladner».

Mjøsa blir tappa ned om vinteren og før snøsmeltinga. Sjølv om Skibladner berre stikk 1,5m djupt kan ikkje båten nyttast før vasstanden har stege ein del, for å kunne nytte kaianlegga ved Mjøsa. Det skjer oftast i mai.

DS «Skibladner» vart freda av Riksantikvaren (Direktoratet for kulturminneforvaltning) 2. august 2006 som er 150-årsdagen for jomfruturen. Dette er første gong eit fartøy i rutetrafikk blir freda i Noreg.

Noregs første kvinnelege sjøkaptein, YS-Stafo-leiaren Ingerid B. Bjercke, førte «Skibladner» i tre sesongar.

Maskin og utstyr[endre | endre wikiteksten]

Frå dampmaskinen i Skibladner

Hovudmaskinen om bord er ein trippel ekspansjon dampmaskin som yter 606 ihk, og kan gi skipet ein maksimal fart på 14 knop. Normal marsjfart er 12 knop.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: DS «Skibladner»