DUF-nummer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit DUF-nummer er eit nummer som vert gjeve til alle som søkjer om opphald i Noreg etter utlendings- og statsborgarlova. Det er søkjaren sitt registreringsnummer i Datasystemet for utlendings- og flyktningsaker. Alle innvandrarar som ikkje kjem frå eit EØS-land, skal i utgangspunktet registrerast i dette registeret når dei kjem til Noreg. DUF-nummeret er eit tolvsifra nummer som vert brukt om lag på same måte som eit fødselsnummer, men inneheld ikkje informasjon om til dømes fødselsdato. Dersom utlendingen får opphald, og skal vera i Noreg i meir enn eit halvt år, vert han registrert med fødselsnummer i Folkeregisteret. Då vert DUF-nummeret òg registrert i Folkeregisteret.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]