Da capo-arie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Da capo-arie er ei musikkform som vart mest nytta i barokken. Han vart sungen av ein solist med akkompagnement, ofte eit lite orkester. Ein da capo-arie var vanleg i musikksjangrane opera og oratorium.

Händel sitt oratorium Händels Messias (1742), omfattar tre velkjende da capo-ariar, «Rejoice Greatly» (for sopran), «He Was Despised» (for alt) og «The Trompet Shall Sound» (for bass). J. S. Bachs kjende kantate Jauchzet Gott in allen Landen frå 1730 startar med ein rikt ornamentert da capo arie for sopran, solisttrompet og strykarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]