Dabbawalla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dabbawallaer lesser matpakkar på eit tog.
Foto: Joshi Daniel
Dabbawalla med innsamla matboksar på sykkelen.

Dabbawalla (også dabbawala, dabbawallah) er yrkesnemninga på ein person som fraktar lunsj i matpakker til kontorarbeidarar i den indiske storbyen Mumbai. Dei 4-5 000 dabbawallaene kjem alle frå ei særskild gruppe (kaste) frå eit område i Maharashtra. Dei er ofte analfabetar, men leverer likevel dagleg opptil 200 000 matboksar, i følgje tidsskriftet Forbes 99,999999 % av dei til den rette mottakaren. Dette gjer transportsystemet til eitt av dei mest effektive i verda.

Ordet dabbawalla er bambaiya-hindi. Det er sett saman av dabba, 'boks', og walla, 'mann som gjer noko'. Direkte omsett blir det altså noko slikt som 'matpakkemann'. Arbeidarane kan også kallast tiffinwallah, der tiffin er eit arkaisk engelsk ord som viser til eit lett måltid.

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Måltid brakt av dabbawallaer.
Foto: Nick Gray
Dabbaer med dabbawalla-teikn skrivne på.
Foto: Jonathan Silbermann

Dabbawallaene tek med seg mat frå ulike stader. Mange arbeidande ønskjer å ha varm, heimelaga mat til lunsj. Dette er billigare enn å stadig eta ute, og blir av mange rekna som betre, både på grunn av smaken og fordi ein då garantert følgjer sine eigne mattradisjonar og -reglar. Andre får matboksen sin fylt på ein restaurant i nærleiken og henta av ein dabbawalla, slik at dei sjølv slepp å forlata kontoret eller venta på maten. Svært mange let dabbawallaene sjølv stella til maten. Den spesielle dabbaen, ein sylinderforma matboks av stål, har fleire rom, slik at ein kan senda fleire ulike retter.

Ein person, vanlegvis på sykkel, samlar matboksar frå opphavsstadene og sender dei med ein kollega som får dei med lokaltoget inn mot sentrum. På stasjonen dei skal av på blir boksane henta av ein lokal dabbawalla, som sender dei til kontorbygga dei skal til. Etter måltidet blir dei tomme boksane samla inn og sende tilbake. Eit sjølvlaga system av symbol og fargar fortel kvar boksane skal på kvar del av reisa.

Arbeidet held fram også under monsuntida, når regn og flaum gjer det vanskeleg å reisa rundt i byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Yrket har opphav i kolonitida, og er rundt hundre år gammalt. På 1880-talet tilsette ein parsisk bankmann ein kuli for å ta med mat til han kvar dag. Også britar i India, som heller ville ha britisk enn indisk mat, fekk lunsjen sin send heimefrå. Etter kvart tok «visarguten» til å bera mat for andre familiar, og ettersom etterspurnaden auka sende han bod til familien sin i Pune om den nye marknaden. Fortsatt er dei fleste dabbawallaene marathiar frå vestre Maharashtra.

Etter kvart samla berarane seg i lag. Nutan Mumbai Tiffin Box Suppliers Trust blei danna i 1956, og ein økonomisk del, Mumbai Tiffin Box Carriers Association, i 1968.

Før telefonar blei innførte i alle heimar, var det vanleg å senda beskjedar mellom heim og arbeid gjennom dabbawallasystemet, ved hjelp av lappar i matboksane.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Ung og eldre dabbawallaer.
Foto: Joe Zachs

Det omfattande dabbasystemet i Mumbai har ikkje sin like nokon annan stad, men det finst mindre operasjonar i andre indiske byar, til dømes Bangalore.

Bruken av matpakkeberarane har gått noko ned ettersom fleire kvinner tek arbeid og ikkje kan laga mat til ektemennene sine, og skikken med å eta restaurantmat breier seg blant kontorfolket i Mumbai. Som eit motsvar på dette kan ein også be dabbawallaene om å laga maten dei tek med seg.

Verdsetjing[endre | endre wikiteksten]

Eit dabbawalla-lag deltek i Mumbai Marathon.

Dei fleste som nyttar fraktetilbodet, betaler ein liten, fast sum i månaden for dagleg matbringing, til dømes 35 rupiar (5 norske kroner i januar 2006). Sjølv tener dabbawallaene 2–4 000 rupiar i månaden. Løna er lik same kva plass dei har i matkjeden.

Dabbawallaene er blitt verdskjende for det velfungerande systemet sitt gjennom mellom anna presentasjonar i tidsskriftet Forbes og BBC. Då prins Charles av Storbritannia vitja India i 2003, bad han spesielt om å møta nokre av dabbawallaene. Dette gjekk dei med på, men berre om prinsen kunne møta dei mellom 11.15 og 11.45, slik at det travle tidsskjemaet deira ikkje skulle bli øydelagd.

Transportarbeidarane har halde foredrag i dei største handelshøgskulane i India, noko det er svært uvanleg å be folk utan utdanning frå ei lågtløna gruppe om.

Dabbawallaer i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Ein av hovudpersonane i den omstridde romanen til Salman Rushdie, Sataniske vers (Satanic Verses), Gibreel Farishta, er son av ein dabbawalla. Han veks opp med å levera matboksar over heile Mumbai før han går over til ein karriere som filmstjerne.

I krimromanen Dead on Time av H.R.F. Keating blir dei presise dabbawallaene brukt til å gje eit alibi.

Handlinga i hindifilmen The Lunchbox (2013) krinser rundt ei uforklarleg feillevering av lunsjpakkar som fører til eit vennskap mellom ei einsam husmor og ein eldre enkjemann.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]