Dachau konsentrasjonsleir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hovudporten like etter frigjeringa i 1945
Fangebrakker, foto teke av amerikanske soldatar i 1945

Dachau konsentrasjonsleir ved byen Dachau nord for München var den første konsentrasjonsleiren i Tyskland. Han blei påbegynt 21. mars 1933. Leiren var prototype og danna mønster for alle seinare konsentrasjonsleirar. Trass i at Dachau ikkje var ei utryddingsleir blei minst 30 000 av fangane skotne eller omkom som følgje av forholda i leiren.

Saman med konsentrasjons- og utryddingsleiren Auschwitz har Dachau blitt eit symbol på nazistane sine konsentrasjonsleirar.

Både den grunnleggjande organisasjonsforma, leirordenen og bygningsmassen blei utforma av kommandanten Theodor Eicke. Dette blei gjort gjeldande for alle seinare leirar.

Til å begynne med skulle leiren brukast til å sperre inne politiske fangar, framfor alt kommunistar og sosialdemokratar, fagforeiningsmedlemer, men også enkelte liberale og konservative politikarar. Den nazistiske terrorpolitikken fekk etter kvart konsekvensar for stadig fleire grupper i befolkninga, og i 1930-åra blei også sigøynarar, jøde, Jehovas vitne, homofile og kriminelle sende til Dachau.

Dachau var også ein sentral leir for fangar frå det kyrkjelege området. Det fanst eigne brakker for prestar, blant dei Karl Leisner og Martin Niemöller.

Etter Krystallnatta blei 10 000 jødar sende til leiren, dei fleste blei likevel sleppte ut att på vilkår av at dei skulle fare frå Tyskland. På Heinrich Himmler sin ordre av 5. oktober 1942 om å gjere alle konsentrasjonsleirar i Tyskland «jødefrie» blei jødane i Dachau deporterte til utryddingsleiren Auschwitz.

Utover 1940-åra begynte eit systematisk massemord i Dachau. Frå oktober 1941 blei sovjetiske krigsfangar deporterte til leiren og skotne. Frå januar 1942 førte SS til saman rundt 3 000 «invalide» fangar til slottet Hartheim ved Linz der dei blei gassa i hel. Frå vinteren 1942 begynte grufulle medisinske eksperiment i leiren.

Til saman sat over 200 000 fangar frå meir enn 50 nasjonar i Dachau. Til saman 30 000 drap er registrerte, fleire tusen andre blir òg rekna for sikre, spesielt ved utbrotet av ein tyfusepidemi i 1945 og den påfølgjande evakueringsmarsjen.

Den 26. april 1945 måtte 7 000 fangar leggje ut på ein dødsmarsj vidare mot sør i Tyskland. 28. april forlet SS-vaktstyrkane leiren. 29. april frigjorde amerikanske styrker leiren og rundt 30 000 fangar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dachau konsentrasjonsleir

Kjelde[endre | endre wikiteksten]