Dadra og Nagar Haveli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dadra og Nagar Haveli
Land Flag of India.svg India
Hovudstad Silvassa
Folketal 220 451
Tettleik 449 / km²
Grunnlagd 11. august 1961
Språk gujarati
Dadra Nagar Haveli Map.svg
Dadra and Nagar Haveli in India (disputed hatched).svg

Dadra og Nagar Haveli er eit forbundsterritorium i India. Det er sett saman av Nagar Haveli, eit lite område mellom Maharashtra og Gujarat og Dadra, ein enklave i Gujarat. Hovudstaden er Silvassa.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Området er åslendt, og rundt 40 % av territoriet er skogdekt. Austdelen ligg nær Dei vestlege Ghatfjella, og kan nå høgder opptil 300 moh.[1]

Damanganga er den einaste større elva i territoriet. Ho renn frå Maharashtra nordvestover til hamnebyen Daman.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Territoriet omfattar rundt 70 landsbyar. Dei fleste innfødde bur på landsbygda. Rundt 80 % av dei er rekna som urfolk (adivasiar). Det blir snakka fleire språk i området, mellom anna varli, dhodia og konkani. Gujarati og marathi er vanlege som andrespråk.[1]

Jordbruk, ofte på oppbygde terrasar, er den viktigaste næringsvegen i territoriet. Ein dyrker særleg ris og korakan (ragi eller fingerhirse, Eleusine coracana). Andre viktige vekstar er kveite og sukkerrøyr.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dadra og Nagar Haveli var lenge under radjputstyre. Nagar Haveli blei del av Marathariket, men begge områda kom under portugisisk herredøme i 1780-åra. Indisk-portugisiske nasjonalistar tok kontroll over først Dadra og så Nagar Haveli i juli/august 1954, og sette opp eit pro-indisk styre. Dei to områda blei gjort til eit felles unionsterritorium i India 11. august 1961.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Dadra and Nagar Haveli» (2015), Encyclopædia Britannica. Lesen 13. februar 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dadra og Nagar Haveli


India: Delstatar og territorium Det indiske flagget
Andhra Pradesh | Arunachal Pradesh | Assam | Bihar | Chhattisgarh | Goa | Gujarat | Haryana | Himachal Pradesh | Jammu og Kashmir | Jharkhand | Karnataka | Kerala | Madhya Pradesh | Maharashtra | Manipur | Meghalaya | Mizoram | Nagaland | Orissa | Panjab | Rajasthan | Sikkim | Tamil Nadu | Tripura | Uttarakhand | Uttar Pradesh | Vest-Bengal
Forbundsterritorium: Andamanøyane og Nikobarane | Chandigarh | Dadra og Nagar Haveli | Daman og Diu | Lakkadivane | Puducherry
Hovudstadsterritorium: Delhi