Dadu He

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Dadu He sitt elveløp

Dadu He (kinesisk: 大渡河, pinyin: Dàdù hé) er ei 1 155 km lang sideelv til elva Min Jiang. Dadu He har eit nedslagfelt på i kring 92 000 km². Ho renn gjennom delar av provinsen Sichuan i Folkerepublikken Kina. Elva er særleg kjent gjennom Ludingbrua, der det stod eit viktig slag mellom kommunistiske og nasjonalistiske styrkar under Den lange marsjen.