Dagali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dagali flyplass sett frå lufta

Dagali er ei bygd i Hol kommune i Buskerud. Dagali ligg øvst i Numedal. Bygda strekkjer seg frå Pålsbufjorden i aust, opp gjennom Numedal og Sæterdalen til grensa mot Hardangervidda nasjonalpark i vest, ei strekning på om lag 40 km. Numedalslågen renn gjennom bygda.

Dagali var tidlegare ein del av Nore og Uvdal kommune, men vart i 1944 overført til Hol kommune.

Dagali har lange handverkstradisjonar og har fleire verksemder innan faget. Dagali har i dag om lag ti gardar som driv med husdyr. Fleire setrar er i drift om sommaren.

I Dagali finst det campingplassar, hotell, museum, alpinanlegg og flyplassen Dagali flyplass.