Dagda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dagda (gamalirsk deagh dia, den gode guden - ein som evnar alt) er ein sentral gud i keltisk mytologi[treng kjelde], og er rekna som ein av dei eldste. Nokre seier han er ein stammegud eller jordgud. Han er óg kjend som Eochaid Ollathair (Eochaid Allfaderen). I somme kjelder er han son av Ethlinn, noko som gjer han til eit aspekt av Lugh Lamhfada. Dagda er far til kjærleiksguden Óengus, med elvegudinna Boann, som bur i elva Boyne.

Dagda eig ei fortrolla gryte som kunne fø ein hær av menn utan at ho vart tom, og ei fortrolla harpe med tre strenger, ein som kalla fram klage, ein som kalla fram glede, og ein som kalla fram svevn. Dei tre strengene er òg knytt til årstidene vår, sommar og vinter. Dagda er soleis gud for skaldekunst. Han ber på ei ovende diger klubbe, som kunne drepa ti mann med eit slag. Han eig to grisar, som er slik at den eine veks medan den andre vert mindre. Han rår for hagar med eple som aldri tek slutt.

Kona til Dagda heiter Breg. Han er far til Bodb Dearg, Cermait, Midir, Aine, Dana og Brigit. Han er bror eller far til Ogma, runemeisteren. Dagda er soleis stamfar til dei fleste keltiske gudane.

Samstundes som Dagda er æra som druidegud og sit inne med mykje visdom og gamal kunne, er han stundom framstilt på humoristisk vis. Då fomorane skulle gje han mat, helte dei graut og mjølk ned eit hol i jorda, og han åt vellinga med ei svær skei, som var så stor at eit menneskepar kunne liggje jamsides oppi. Då det var tomt for mat, heldt han fram med å eta sjølve jorda. Han vart skildra som halvnaken, med ein stutt kilt som berre sovidt dekte over bakstussen hans, og med eit mannleg lem som sopa i marka.

Dagda er øvste leiaren for Tuatha Dé Danann, folket til gudinna Dana. Han er òg kalla Dagda Mór, store Dagda. På engelsk set ein oftast bunden artikkel framfor namnet: The Dagda (Dagdaen).

Den keltiske innleiinga på vinteren, 2. november, festen samhain, er heilga Dagda og krigsgudinna Morrigan. Det vart sagt dei møttest i eit rituelt samleie i skilet mellom haust og vinter. Dette har opphav i planlegginga i forkant av slaget ved Magh Tuireadh.

I England finst ein kalkteikning i Cerne Abbas av ein stor mann med klubbe på aksla. Nokre reknar med at denne avbildinga er knytt til ei framstilling av Dagda. .