Dagen for galisisk litteratur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dagen for galisisk litteratur, Día das Letras Galegas, er ein høgtidsdag i den spanske regionen Galicia som er blitt feira kvar 17. mai sidan 1963. Datoen er den same som Cantares Galegos, det første galisiske litterære verket i moderne tid, blei gjeven ut av Rosalía de Castro i 1863.

Kvart år vél det kongelege galisiske akademiet, Real Academia Galega, ein galisisk forfattar som skal hedrast denne dagen. Forfattaren skal vera avliden, og er som regel ein enkeltperson. Bare ein gong, i 1998, blei dagen «delt» mellom dei tre mellomalderforfattarane Martín Códax, Xohán de Cangas og Mendinho.

Dagen blir òg brukt til å oppmuntra bruk av galisisk språk, som er truga i byområde og blant ungdom.

[endre] Forfattarar heidra på dagen for galisisk litteratur

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk