Dagenham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dagenham

Soknekyrkja danna hjartet i den tidlegare landsbyen
Soknekyrkja danna hjartet i den tidlegare landsbyen
Plassering
Dagenham is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Stor-London
Distrikt Barking and Dagenham
Geografi
Koordinatar 51°32′″N 0°9′″EKoordinatar: 51°32′″N 0°9′″E
Diverse annan informasjon
Postnummer RM8, RM9, RM10
Telefon-retningsnummer 0 20
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dagenham

Dagenham er ein by i Barking and Dagenham i London, omkring nitten kilometer austom Charing Cross.

På hjørnet av Whalebone Lane og Eastern Avenue låg ein gong ein saksisk møtehall. Fram til byrjinga av 1920-åra var Dagenham ein landsby i Romford landdistrikt. Då bygginga av Becontree Estate byrja, voks staden enormt. I 1926 vart staden eit eige urbant distrikt, Dagenham, og i 1938 fekk byen status som municipal borough. I 1965 vart Dagenham innlema i Barking and Dagenham og i Stor-London.

Under andre verdskrig vart jordene utanfor Dagenham brukt av Royal Artillery, som installerte eit stort antiluftskytsbatteri der. Seinare i krigen vart dette erstatta av ein krigsfangeleir.

Fotballklubben Dagenham & Redbridge FC held til i Dagenham.

Det er tre undergrunnsstasjonar i eller rett ved Dagenham: Becontree, Dagenham East og Dagenham Heathway. Det er òg to jernbanestasjonar, Dagenham Dock og Chadwell Heath.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]