Dagfinn Høybråten
Dagfinn Høybråten (fødd 2. desember 1957 i Oslo) er ein norsk politikar som frå 2004 til 2011 leidde Kristeleg Folkeparti. Han er valt inn på Stortinget for perioden 2009-2013 på Rogalandsbenken. Han hadde ulike statsrådpostar i begge Bondevik-regjeringene frå 1997 til 2000 og frå 2001 til 2005.
Innhaldsliste |
[endre] Tidleg karriere
Høybråten byrja si politiske karriere i 1979 då han vart leiar for KrFU, eit verv han hadde fram til 1982. Han var i perioden 1983-86 personleg rådgjevar for dåverande kyrkje- og undervisningsminister Kjell Magne Bondevik. Han var etter det statssekretær i Finansdepartementet i 1989-90.
[endre] Statsråd
Arbeids- og sosialminister i Kjell Magne Bondevik si andre regjering sidan 18. juni 2004, statsråd i Helsedepartementet (helsesaker) frå 19. oktober 2001. Også i Kjell Magne Bondeviks 1. regjering statsråd i Helsedepartementet (helsesaker). Høybråten er mest kjend for å ha skjerpa røykjelova, ved å forby all røyking innandørs på restaurantar og utestadar.
I 2004 opna Slottet for at statsrådar etter 4 års tenestetid vart tildelt St. Olavs Orden. Dagfinn Høybråten vart då kommandør av St. Olavs Orden.
[endre] Privatliv
Høybråten er gift med Jorunn og har fire born. Høybråten er busett på Nesodden der han er med i den lokale meinigheita i Misjonsforbundet. Han er son av politikar Per Høybråten (1932-90).
Han har utdanning frå mellom anna Kristelig Gymnasium, og det var denne klassa han hadde med seg då han var gjest i Den store klassefesten i 2005.
[endre] Utdanning
- Kristelig Gymnasium
- Cand. polit. ved Universitetet i Oslo 1984 med statsvitskap og offentleg rett.
- Eitt års samfunnsvitskapelege studium ved Luther College, USA.
[endre] Yrkeserfaring
- Personleg sekretær for stortingsrepresentantane Lars Korvald 1978-81 og Kjell Magne Bondevik 1978-83.
- Personleg sekretær for kyrkje- og undervisningsminister Kjell Magne Bondevik 1983-86.
- Spesialkonsulent, seinare stabssjef i Kommunenes Sentralforbund 1986-89.
- Statssekretær i Finansdepartementet 1989-90.
- Direktør i Kommunenes Sentralforbund 1990-93.
- Rådmann i Oppegård kommune 1994-97.
- Trygdedirektør, Rikstrygdeverket 1997.
[endre] Verv
- Medlem av Kristeleg Folkepartis sentralstyre 1979-82 og 1983-97.
- Statsråd i Sosial- og helsedepartementet (helsesaker) frå 17. oktober 1997.
- Ei rekkje statlege, kommunale/fylkeskommunale og organisasjonsmessige verv.
- Statsråd i Sosial- og helsedepartementet (helsesaker) frå 19. oktober 2001 til 31. desember 2001
- Statsråd Helsedepartementet 1. januar 2002 -18. juni 2004
- Statsråd Arbeids- og sosialdepartementet 18. juni 2004
- Styremedlem i verdas vaksinefond, Gavi, frå juli 2006.
- President i Nordisk Råd frå 1.1.2007
[endre] Bibliografi
- Pengene eller livet. Avenir Forlag (2009) ISBN 9788249400768.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen byggjer på «Dagfinn Høybråten» frå Wikipedia på bokmål, den 2. juli 2008.
.
[endre] Bakgrunnsstoff
| Føregjengar Valgerd Svarstad Haugland |
Leiar for Kristeleg Folkeparti 2004–2011 |
Etterfylgjar Knut Arild Hareide |