Dagfinn Instanes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dagfinn Instanes
Fødd 24. oktober 1919
Død

1998 (78 år)

Yrke illustratør

Dagfinn Instanes (19191998) var ein norsk biletkunstnar og keramikar frå Grimo i Ullensvang herad.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Dagfinn Instanes voks opp på Grimo med fire sysken. I konfirmasjonsgåve fekk han eit trekkspel, han lærte seg notar på eiga hand og spela fleire melodiar.[1] Seinare gjekk han i målarlære i Norheimsund. I åra 1938 - 39 gjekk han så på Statens Husindustriskule på HausOsterøy. Frå 1942 - 1946 gjekk han på keramikklinja ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo. Etter dette flytte han heim til Grimo. På femtitalet byrja han å delta i fellesutstillingar, og i 1956 hadde han si fyrste separatutstilling i Vestlandske Kunstindustrimuseum. Same året hadde han eit stipendiert studieopphald i København.[2]

Instanes var ein allsidig kunstnar. I 1987 debuterte han som barnebokforfattar med Folen blakk utan sal og sele (Eide Forlag) [3] der han sjølv hadde både skrive dikta, illustrert og sett tone til dikta. Elles var han både styremedlem og styreformann for Hardanger Folkemuseum i mange år, og gjorde sitt til at muséet mellom anna fekk tunet modernisert. Instanes hadde sine to siste separatutstillingar på muséet, i 1983 og 1988.

Dagfinn Instanes døydde i ei bilulukke i 1998. Han etterlet seg ein del komposisjonar og songar som vart utgjevne på cd-en Songar frå mitt ringe strengespel frå 2002 av musikarane Reidun Horvei, Øyvind Lyslo, Laila Kolve, Jo-Asgeir Lie, Olav Tveitane og Ole Hamre.[4] Det er laga eit relieffportrett av Instanes som står på Hardanger Folkemuseum. Kunstnaren er Arne Mæland.[5]

Verk og utsmykkingar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]