Dagmar Rom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dagmar Rom


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 16. juni 1928
Innsbruck
Død

13. oktober 2022 (94 år)

Idrett alpint
Tok del i

alpine skiing at the 1952 Winter Olympics – women's giant slalom

Dagmar Rom (16. juni 192813. oktober 2022) var ein austerriksk skirennar frå Innsbruck som vann gullmedaljane i både slalåm og storslalåm under alpin-VM 1950 i USA.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Rom vart austerriksk meister i utfor i 1947. Ho vart utteken til Vinter-OL 1948, men vart stygt skadd under trening og kunne ikkje delta.

I 1950 vart Dagmar Rom dobbelt verdsmeister under VM i alpine greiner i Aspen i delstaten Colorado. Både då ho vann slalåm og storslalåm hadde ho sterkast konkurranse frå ei landskvinne. I slalåm slo ho Erika Mahringer med eitt tidels sekund, dei to var i ein klasse for seg, medan ho i storslalåm hadde ein sigersmargin til Trude Jochum-Beiser på to tidels sekund. Rom vart for 1950 vald til årets kvinnelege idrettsutøvar i Austerrike.

Under Vinter-OL 1952 i Oslo tok Rom sølvmedaljen i storslalåm, bakom Andrea Mead Lawrence frå USA. I det olympiske utforrennet vart ho nummer fem. Same sesongen vart ho austerriksk meister i både slalåm og storslalåm.

Etter giftarmål og barnefødsel kom Rom tilbake i alpinløypa i 1955-sesongen, men nådde ikkje heilt opp og avslutta skikarrieren. På 1950-talet hadde Rom ei hovudrolle i ein spelefilm, og i 1963 i ein fjernsynsserie saman med sonen sin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnstoff[endre | endre wikiteksten]