Dagny Juel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dagny Juel Przybyszewska - Stokholm 1895/96

Dagny Juel (8. juni 18675. juni 1901) var ein norsk kunstnar, forfattar og dramatikar. Ho vart fødd i Kongsvinger, og var den andre av dei fire døtrene til legen Hans Lemmich Juell og Minda Juell, fødd Blehr.

Juel vanka på vertshuset «Zum Schwarzen Ferkel» (Under den svarte grisen) i Berlin med August Strindberg og Edvard Munch. Ho var gift med den polske forfattaren Stanislaw Przybyszewski (1868-1927), men han forlét henne for ei anna. Som gift heitte ho Dagny Juel Przybyszewska.

I 1901 vart Juel skoten og drepen av Wladyslaw Emeryk på eit hotellrom i Tbilisi i Georgia. Det er uklart kvifor Emeryk gjorde dette, men han skal ha vore forelska i Juel.

Dagny, ein polsk-norsk film om Dagny Juel regissert av Haakon Sandøy, blei laga i 1978.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Den sterkere (drama)
  • Ravnegård (drama)
  • Når solen går ned (drama)
  • Synden (drama)
  • Rediviva (novelle)

I tillegg: fem prosalyriske tekstar og 14 dikt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lishaugen, Roar: Dagny Juel : tro, håp og undergang, Oslo 2002. ISBN 82-7694-108-7
  • Nag, Martin: Kongsvinger-kvinne og verdensborger; Dagny Juel som dikter og kulturarbeider, Kongsvinger 1987.
  • Norseng, Mary Kay: Dagny : Dagny Juel Przybyszewska, the woman and the myth, Seattle : University of Washington Press, c1991. ISBN 0-295-96999-7