Dagny Tande Lid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dagny Tande Lid (25. mai 19031998) var ein norsk målar, illustratør og lyrikar.

Dagny Tande vart fødd i Nissedal kommune i Telemark. Ho var gift med botanikaren Johannes Lid. Ho døydde i Oslo.

Ho oppnådde internasjonalt ry for planteteikningane sine, og ho er kjend for dei eigenillustrerte diktsamlingane sine, for botaniske illustrasjonar på norske frimerke og for illustrasjonane i Johannes Lids standardverk Norsk flora. Ho har også illustrert andre bøker om blomstrar, blant anna Olav Gjærevolls Fjellflora, som sidan 1952 har hatt eit samla opplag på 325 000 eksemplar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]