Dagsavisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dagsavisen
Type: Dagsavis
Format: Tabloid (frå 1990)
Språk:
Målform: Målformnøytral
(i all hovudsak bokmål)
Lokalavis for
Regionavis for
Riksdekkjande avis
(Kjerneområde: Oslo og omegn)
Eigarskap: Stiftelsen Dagsavisen (100%)
Første trykk: 1884
Opphald i produksjonen:
Siste trykk:
Opplag: 26 019 (2010) 
Politisk posisjon:
Redaksjonskontor: Møllergata 39,
PB 1183 Sentrum,
0107 Oslo
Ansvarleg redaktør: Carsten Bleness (2005)
Politisk redaktør:
Nyhenderedaktør:
Kulturredaktør:
Feature-/magasinredaktør:
Produksjonsredaktør:
Debattredaktør:
Administrasjonsredaktør:
Utanriksredaktør:
ISSN:
Pris i laussal:
Nettstad: Dagsavisen.no

Dagsavisen (tidlegare Arbeiderbladet, Social-Demokraten og Vort Arbeide) er ei dagsavis, etablert i 1884 og frå 1887 organ for og eigd av Det norske Arbeidarpartiet. I 1991 blei avisa seld til A-pressen og sidan 1999 har avisa vore eigd av ei stifting.

Partiavis[endre | endre wikiteksten]

Dagsavisen vart grunnlagd av faktor Christian Holtermann Knudsen i 1884. Knudsen var ihuga fagforeiningmann og sosialdemokrat, og avisa skulle vere eit organ for fagforeiningane i Oslo. Knudsens mål var at den nye avisa skulle samle den til då kløyvde arbeidarklassa. Avisa heitte først Vort arbeide, fram til 1885, da ho vart overtatt av Den socialdemokratiske forening som nettopp hadde vorte stifta. Namnet på bladet vart frå 1886 Social-Demokraten. I 1887 vart avisa overtatt av Arbeidarpartiet, og vart hovudorganet for partiet. I 1894 vart avisa dagsavis med eit opplag på vel 2000 eksemplar.

Ved hundreårsskiftet var opplaget meir enn dobla til vel 5000 og avisa la om til eit meir moderne preg og avisa fekk eige trykkeri. Underskotet blei finansiert av partiet fram til 1904 da avisa fekk sitt første overskot.

Avisas kanskje mest markante redaktør starta i jobben i 1921. Trønderen Martin Tranmæl, som tidlegare hadde gjort seg merkt som journalist og redaktør av arbeidarrørsla i Trondheim si avis Ny Tid var kome til Oslo for å jobbe som partisekretær. Det var under Tranmæls ledelse avisa voks seg til å bli landets nest største, og kanskje viktigaste avis.

Arbeidarpartiet slutta seg til den kommunistiske Tredje Internasjonalen i 1919, og frå 1920 vart det eit press for namneskifte på organisasjonar og aviser som var tilslutta Komintern, i og med dei 21 opptaksvilkåra som da vart vedtatt («Moskva-tesene»). Partia og avisene deira skulle ikkje lenger heite noko med sosialdemokratisk eller sosialistisk. Derfor vart namnet på avisa endra til Arbeiderbladet i 1923, og det vart ho heitande sjølv om DNA gjekk ut av Komintern seinare same året.

Avisa var frå 1934 i nye lokale i FolketeaterbygningenYoungstorget i Oslo. I tillegg til hovudavisa gav Arbeiderbladet ut fleire vedlegg, blant anna landsutgåva «Fram» tre gonger i veka, «Lørdagskvelden» og «Norsk idrett».

Blei nest største avis[endre | endre wikiteksten]

Redaktør på 30-talet, Olav Larssen, moderniserte avisa innhaldsmessig og ved inngangen til den andre verdskrigen hadde avisa vakse til å bli landets nest største, etter Aftenposten.

I august 1940 blei avisa stansa av NS og den tyske okkupasjonsmakta. Avislokala på Youngstorget i Oslo blei overtekne av NS-avisa Fritt Folk. Ein del av abonnementsregisteret fann seinare vegen til konkurrenten Aftenposten.

Tapte på krigen[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen klarte avisa ikkje å attvinne sin posisjon, som dels var overteke av Morgenposten dels av Aftenposten som saman med Nationen var dei einaste Oslo-avisene som fekk kome ut gjennom heile krigen. Kommunistanes enorme popularitet etter krigen førte også til hard aviskonkurranse med NKP-organet Friheten. Arbeiderbladets trykkeri trykka båe avisene, og då Arbeiderbladet gjekk over frå å vere ettermiddags- til morgonavis hausten 1945 måtte Friheten endra frå morgon- til ettermiddagsavis noko ho tapte på. Arbeiderbladet kom seg likevel ikkje tilbake til gamle høgder. Krigen endra Oslobefolkningas avisvanar, og sjølv partifolk lét vere å vende tilbake til Arbeiderbladet da den kom tilbake.

Arbeiderbladet fekk utbetalt vel 1 million kroner i ulike erstatningar i avisoppgjeret etter krigen.

Særleg på annonsemarknaden hadde avisa tapt mykje ved å bli stansa. Men som det offisielle regjeringsorganet hjelpte det heller ikkje at avisa ikkje opna for partikritikk. Det var ein tidlegare Arbeiderblad-journalist, Sigurd Evensmo, som blei første redaktør av Orientering, der venstreopposisjonen i Arbeiderpartiet fekk utløp for sin kritikk. Den øvrige debatten om partiet skjedde alle andre stader enn i Arbeiderbladet.

Haldninga blei meir ope etter valnederlaget i 1965 da partiet kom i opposisjon, men da EF-kampen kom og avisa tok stilling for medlemskap, medan medarbeidarane i hovudsak var mot, kom det til ope intern konflikt.

Lausare partiband[endre | endre wikiteksten]

Det var klart for å kaste av seg noko av partiets kontroll, og i 1974 blei Einar Olsen tilsett som redaktør midt i landsmøteperioden og vert den første redaktør unnateke ein periode under den første verdskrigen som ikkje var landsmøtevalt. Han blei avløyst av Per Brunvand i 1975 som også han blei tilsett. Arbeiderbladet fekk det for norske aviser uvanlege Berlinarformatet i 1976 samtidig som ein kjøpte ny presse og moderniserte sats og framstillingsmetode. Da var også opplaget på sitt høgste i nyare tid, 60 380 eksemplarar.

I 1990 byta avisa format til tabloid. I 1991 kjøpte Norsk Arbeiderpresse AS avisa av Arbeiderpartiet som selde seg ut av ein avis med store økonomiske vaskar. Dette var og eit av mange skritt som fristilte avisa frå partiets meiningar. Det endelege brotet kom i 1997 da avisa skifta namn til Dagsavisen, samtidig som avisa etter 11 år på Hasle flytta tilbake til sentrum, men denne gongen til Møllergata. Avisa kom også med sundagsavis og eiga nettavis same år.

Eigd av stifting[endre | endre wikiteksten]

I 1999 gjekk Dagsavisen ut av A-pressen ved at avisa blei overlaten til Stiftelsen Dagsavisen. I stiftingas råd sit representantar oppnemnt av Norsk Presseforbund, Institusjonen Fritt Ord, Institutt for samfunnsforskning, FAFO og APOR.

Avisa har i dei aller fleste år slitt med opplagsfall, noko som til ei viss grad er stansa dei siste åra. Til dette kjem økonomiske problem og avisa har i mange år vore avhengig av pressestøtte for å kunne oppretthalde dagens verksemd.

Avisa har opna for at journalistane kan bruke nynorsk på redaksjonell plass, i motsetning til dei borgarlege avisene Aftenposten, VG og Dagbladet. Dette er ein opning eit par av journalistane i avisa nyttar seg av rett som det er.

Dagsavisen kallar seg ei moderne, uavhengig og samfunnskritisk kvalitetsavis (2006).

Stiftelsen Dagsavisen eig 32,7 % av aksjane i Morgenbladet.

Opplag[endre | endre wikiteksten]

Opplagstal etter 1950 er frå Mediebedriftenes Landsforening, Aviskatalogen). Tal frå før 1937 er baserte på opplag og ikkje sal. Kilde for perioden 1947-1949: Sigurd Høst: Aviskonkurransen, IJ (1996) ISBN 82-7147-159-7.

  • 1884: 300
  • 1892: 1 200
  • 1894: 3 000
  • 1904: 6 000
  • 1912: 15 000
  • 1914: 23 000
  • 1918: 40 000
  • 1921: 85 000
  • 1923: 35 000
  • 1927: 27 000
  • 1930: 34 000
  • 1934: 48 000
  • 1937: 59 359
  • 1938: 58 735
  • 1939: 58 681
  • ---
  • 1945: 80 000
  • 1947: 56 877
  • 1950: 62 845
  • 1951: 64 228
  • 1952: 65 635
  • 1953: 64 524
  • 1954: 65 159
  • 1955: 65 201
  • 1956: 70 087
  • 1957: 71 299
  • 1958: 68 112
  • 1959: 66 271
  • 1960: 67 494
  • 1961: 67 684
  • 1962: 67 894
  • 1963: 69 182
  • 1964: 67 254
  • 1965: 68 278
  • 1966: 67 675
  • 1967: 70 714
  • 1968: 71 267
  • 1969: 74 091
  • 1970: 73 217
  • 1971: 75 372
  • 1972: 69 159
  • 1973: 64 155
  • 1974: 61 931
  • 1975: 62 211
  • 1976: 60 380
  • 1977: 60 152
  • 1978: 60 091
  • 1979: 59 211
  • 1980: 55 125
  • 1981: 52 596
  • 1982: 52 000
  • 1983: 52 500
  • 1984: 56 000
  • 1985: 57 000
  • 1986: 58 000
  • 1987: 60 737
  • 1988: 57 015
  • 1989: 55 707
  • 1990: 51 786
  • 1991: 47 016
  • 1992: 44 046
  • 1993: 43 528
  • 1994: 42 848
  • 1995: 42 870
  • 1996: 42 139
  • 1997: 40 771
  • 1998: 43 792
  • 1999: 40 349
  • 2000: 38 239
  • 2001: 35 413
  • 2002: 33 816
  • 2003: 32 706
  • 2004: 32 920
  • 2005: 33 830
  • 2006: 32 380 [1]
  • 2007: 31 403 [2]
  • 2008: 29 041 [3]
  • 2009: 28 337
Utviklinga i opplag for Arbeiderbladet / Dagsavisen frå 1950 til i dag.

Redaktørar[endre | endre wikiteksten]

Frå 1997 Dagsavisen:

Frå 1923 Arbeiderbladet:

Frå 1886 Social-Demokraten:

Vort Arbeide:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]