Dagsnytt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dagsnytt er eit nyhendeprogram som vert sendt i NRK sine riksdekkande radiokanaler. Programmet har vorte sendt sidan 1934 og er med 2,5 millionar daglege lyttarar det eldste og leiande nyhendeprogrammet i Noreg.

Programmet består av bulletengar kvar time og lengre hovudsendingar to gonger på morgonen (06:30 og 07:30) og to gonger på ettermiddagen (12:30 og 17:30). I helgane er det hovudsendingar 7:30 og 16:30.

Dagsnytt sin redaksjon har kring 140 tilsette og held til i fjernsynshuset på Marienlyst i Oslo, samlokalisert med redaksjonane for NRK Alltid Nyheter, Dagsrevyen og nrk.no/tekst-TV.

Det er forskjellige redaktørar for Dagsnytt sine sendingar: Per Anders Johansen er redaktør for hovudsendingane og Grethe Gynnild Johnsen er redaktør for bulletengane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Tilvisingar[endre | endre wikiteksten]