Dai Greene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dai Greene


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 11. april 1986 (37 år)
Llanelli
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Samveldeleikane 2010

Dai Greene i Daegu i 2011

David Greene, kjend som Dai Greene, (fødd 11. april 1986) er ein britisk friidrettsutøvar frå Lianelli som tevlar for Storbritannia og Wales. Han vart europameister på 400 meter hekk i 2010 og verdsmeister i same øvinga i 2011.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Greene deltok i EM i friidrett 2006. Han fekk tida 50,66 i forsøket på langhekken og nådde dermed ikkje finalen. Sesongen etter sette han personleg rekord med tida 49,58.

I 2009-sesongen fekk Greene sitt store gjennombrot. Han fekk sølv i 4x400 m stafett under VM i Berlin og sette ny personleg rekord i semifinalen på langhekken med 48,27. Finalen vart jamn, med berre 0,6 sekundar mellom andremann Javier Culson frå Puerto Rico, og Dai Greene på sjuandeplass.

Den 31. juli 2010 vann Greene gullmedaljen på 400 m hekk ved europameisterskapen i Barcelona, med ein annan walisar, Rhys Williams, på sølvplassen. To og ein halv månad seinare sprang Greene inn til siger på langhekken også under samveldeleikane i Delhi.

Greenes største triumf kom den 1. september 2011 ved verdsmeisterskapen i Daegu i Sør-Korea. Her vann han gullmedaljen på tida 48,26, sølvmedaljør Javier Culson fekk 48,44. Den 6. juli 2012 sette Greene personleg rekord med 47,82 då han vart nummer to i eit DL-stemne i Paris, slått av Culson. Under dei olympiske leikane i London ein månad seinare kjempa dei same to om bronsemedaljen, også her drog Culson det lengste strået med 48,10 sekundar, Greene fekk notert 48,24. Félix Sánchez frå den Den dominikanske republikken vann OL-gullet på tida 47,63.

Etter olympiaden var Greene meir eller mindre skadeplaga.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2009 i Berlin: Nr 7 på 400 m hekk - 48,68. Sølvmedalje 4x400 m stafett
  • EM 2010 i Barcelona: Gullmedalje på 400 m hekk – 48,12, framom Rhys Williams (48,96)
  • VM 2011 i Daegu: Gullmedalje på 400 m hekk – 48,26, framom Javier Culson (48,44)
  • OL 2012 i London: Nr 4 på 400 m hekk – 48,24
  • VM 2013 i Moskva: Utslått i semifinalane på 400 m hekk (49,25 =nr 12)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]