Daigo Fukuryū Maru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Daigo Fukuryū Maru (第五福龍丸) var ein japansk tunfiskebåt som vart utsett for og ureina av radioaktiv stråling frå det USA-amerikanske hydrogenbombe-eksperimentet i Bikiniatollet den 1. mars 1954.

Kuboyama Aikichi, radiosjefen om bord, døydde den 23. september 1954, etter akutt sjukdom på grunn av strålinga. Berre eit halvt år var gått sidan hydrogenbombe-eksperimentet.

Før ulukka[endre | endre wikiteksten]

Båten som skulle bli råka av ulukka vart send ut frå Koza i Wakayama som ein vanleg fiskebåt i 1947. Han hadde namnet Dainana Kotoshiro Maru(第七事代丸, Kotoshiro Maru Nr. 7). Seinare vart han spesialisert på tunfisk-fiske i Yaizu i Shizuoka, og vart då omnamna til Daigo Fukuryū Maru.

Uventa radioaktiv ureining[endre | endre wikiteksten]

Daigo Fukuryu Maru støytte på det amerikanske hydrogenbombe-eksperimentet på Bikiniatollet, nær Marshalløyane, den 1. mars 1954. Båten, saman med dei 23 fiskarane om bord og fisken, vart utsett for stråling. Etterpå vendte dei attende til Yaizu i Japan den 14. september.

Då eksperimentet fann stad, fiska Daigo Fukuryu Maru i faresona som den amerikanske regjeringa hadde klarert på førehand. Fiskarane ante fare og prøvde å rømme frå området, men dei trong tid til å få børnskapen or sjøen og vart dermed utsett for det radioaktive nedfallet i nokre timar. Seinare utvida USA den offisielle faresonen, og det viste seg at mange fiskebåtar fiska der på dette tidspunktet i tillegg til Daigo Fukuryu Maru. Ein reknar med at om lag hundre fiskebåtar vart ureina av radioaktiv stråling som følgje av eksperimentet.

Daigo Fukuryu Maru-tragedien førte til ei anti-atomrørsle i Japan. Den amerikanske regjeringa frykta at rørsla ville føre til ei antiamerikansk-rørsle og gjekk snøgt inn i forhandlingar med den japanske regjeringa gjennom statsminister Yoshida Shigeru, ein politikar som vart sett på som amerikanskvennleg, i spissen. Den amerikanske regjeringa betalte 200 000 amerikanske dollar til offera. Den japanske regjeringa godtok på si side å ikkje krevje ytterlegare erstatning frå den amerikanske regjeringa.

Fiskebåten Daigo Fukuryu Maru er no utstilt i Tokyo.

Innflytnad på populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

Fem år etter ulukka laga den japanske filmregissøren Shindo Kaneto ein film som heitte Daigo Fukuryu Maru. Skodespelaren Uno Jukichi spelte rolla som Kuboyama Aikichi.

Denne ulukka inspirerte òg andre filmar, som t.d. filmen Godzilla, som fortalde historia om eit monster som vart mutert frå radioaktiv stråling då det ville hemne seg på sivilisasjonen.